Farther Along Studioalbum av The Byrds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. november 1971 | |
Innspelt | 22. til 28. juli 1971, CBS Studios, London i England August 1971, Columbia Studios i Hollywood | |
Sjanger | Rock, countryrock | |
Lengd | 32:02 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | The Byrds | |
The Byrds-kronologi | ||
---|---|---|
The Byrds' Greatest Hits Volume II (1971) |
Farther Along | The Best of The Byrds: Greatest Hits, Volume II (1972)
|
Singlar frå Farther Along | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (C)[2] |
Entertainment Weekly | B+[3] |
Farther Along er det 11. albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1971 på Columbia Records.[4] Albumet vart hovudsakleg spelt inn og produsert av bandet sjølv i London i England i løpet av fem intensive dagar i juli 1971.[5] Det kom raskt ut som ein reaksjon på det kommersielt mislukka Byrdmaniax, som kom ut før, og var eit forsøk på å gjenvinne respekten i musikkpressa.[6][7] På Byrdmaniax hadde produsent Terry Melcher på eige initiativ lagt på strykarar og blåsarar, utan samtykke frå bandet, og dette høvde seg ikkje i følgje dei fleste kritikarane.[6][7] Farther Along er derfor eit slags svar frå bandet på det overproduksjonen til Melcher, samt eit forsøk på å vise at dei kunne produsere eit album som var betre enn Byrdmaniax på eiga hand.[6][7] Sidan albumet vart planlagt og spelt inn i all hast, vart Farther Along nok eit ujamt album, som bandet sjølv ikkje var nøgd med. Dei klarte derfor ikkje å snu den dårlege trenden etter Byrdmaniax.[8]
Då albumet kom ut nådde det berre 152. plassen på den amerikanske albumlista, og gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia i det heile.[9][10] Ein singel frå albumet, «America's Great National Pastime», kom ut 29. november 1971, men gjekk ikkje inn på listene.[10][11] Farther Along, i lag med Dr. Byrds & Mr. Hyde, er dei to albuma som har lege kortast tid på den amerikanske albumlista av alle Byrds-albuma.[12]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tiffany Queen» (Roger McGuinn) | 2:40 |
2. | «Get Down Your Line» (Gene Parsons) | 3:26 |
3. | «Farther Along» (trad. arr. Clarence White) | 2:57 |
4. | «B.B. Class Road» (Gene Parsons, Stuart Dawson) | 2:16 |
5. | «Bugler» (Larry Murray) | 3:06 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «America's Great National Pastime» (Skip Battin, Kim Fowley) | 2:57 |
7. | «Antique Sandy» (Roger McGuinn, Skip Battin, Gene Parsons, Clarence White, Jimmi Seiter) | 2:13 |
8. | «Precious Kate» (Skip Battin, Kim Fowley) | 2:59 |
9. | «So Fine» (Johnny Otis) | 2:36 |
10. | «Lazy Waters» (Bob Rafkin) | 3:32 |
11. | «Bristol Steam Convention Blues» (Gene Parsons, Clarence White) | 2:39 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Lost My Drivin' Wheel» (David Wiffen) | 4:56 |
13. | «Born to Rock and Roll» (Roger McGuinn) | 2:59 |
14. | «Bag Full of Money» (Roger McGuinn, Jacques Levy) | 5:58 |