Finansdepartementet i Noreg

For finansdepartement i andre land, sjå Finansdepartement
Finansdepartementet (FIN)

Offisielt namnFinansdepartementet, Finans- og tolldepartementet, Finans-, handels- og tolldepartementet
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa1814[1]
Org.nummer972417807
StatsrådTrygve Slagsvold Vedum (Sp)
HovudkontorAkersgata 40, Oslo
UndergrupperRegjeringa i Noreg
Tilsette314 (2014)[2]
JurisdiksjonNoreg
Nettsidehttps://www.regjeringen.no/no/dep/fin/
Inngangspartiet i Finansdepartementet

Finansdepartement i Noreg skal planlegge og setje i verk den økonomiske politikken, samordne arbeidet med statsbudsjettet, syte for at det offentlege får inn skattar og avgifter, og overvake og utarbeide reglar for tilsyn og verksemd i finansmarknadane.

Finansdepartementet blei oppretta i 1814, etter at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat. Departementet skulle vareta viktige oppgåver for den nye nasjonen knytt til økonomien og finansane i staten.

Finansdepartementet er rekna som det mektigaste departementet i Noreg, fordi dei fleste forslag frå andre departement har økonomiske konsekvensar som blir analysert og vurdert av Finansdepartementet.

Departement held til i den gamle regjeringsbygningen («G-blokka») i Akersgaten 40 i Oslo.

Organisasjon

[endre | endre wikiteksten]

Departementet er delt inn i seks fagavdelingar, i tillegg til administrasjonsavdelinga og informasjonseininga. Det har i alt om lag 300 tilsette, der dei fleste er samfunnsøkonomar, juristar eller siviløkonomar.

  • Økonomiavdelinga samordnar den økonomiske politikken, og trekkjer blant anna opp rammer for bruken av oljepengar over statsbudsjettet. Denne avdelinga har ansvar for å lage prognosar for den økonomiske utviklinga i Noreg, og lagar Nasjonalbudsjettet blant anna på bakgrunn av desse. Avdelinga står også for dei fleste analysane i Langtidsprogrammet. Økonomiavdelinga vedlikeheld og forvaltar dei fleste av dei makroøkonomiske modellane som departementet rår over. Avdelinga har også ansvaret for å lage regelverket for pengepolitikken. Økonomiavdelinga har etatsansvar for Statistisk sentralbyrå.
  • Finansavdelinga har ansvaret for å utarbeide Statsbudsjettet kvar haust og Revidert nasjonalbudsjett kvar vinter, og har etatsstyringsansvar for Senter for statleg økonomistyring. Avdelinga forhandlar bilateralt med kvart departement gjennom budsjettprosessen.
  • Skattelovavdelinga har ansvaret for skatte- og avgiftslovgjevinga og har etatsstyringsansvar for Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten. Skattelovavdelinga utarbeider også forskrifter og rundskriv som presiserer skattelovgjevinga, og har hovudansvaret for arbeid med endring av denne.
  • Skatteøkonomisk avdeling analyserer konsekvensar av skattesystemet, og har hovudansvaret for provenyutrekningar knytte til både regjeringa sin skatte- og finanspolitikk, og dei forslaga som opposisjonen i Stortinget kvar haust sender departementet for å få utarbeidd konsekvensanslag for forslaga. Avdelinga rår over makroøkonomiske modellar som analyserer realverknaden av ulike skattereglar.
  • Finansmarknadsavdelinga har ansvaret for finansmarknadslovgjevinga og etatsstyringa for Kredittilsynet. Inntil 2007 forvalta også avdelinga Regjeringen sin eigarpost i banken DnB NOR, men forvaltinga av denne eigarposten er sidan flytta til NHD.
  • Avdeling for formuesforvalting utformar investeringsstrategien for Statens pensjonsfond - Noreg, («Folketrygdfondet») og Statens pensjonsfond - Utland («Oljefondet»). Avdelinga har oppfølgingsansvar for Noregs Bank, som forvaltar Statens pensjonsfond - Utland på vegner av departementet, og for Folketrygdfondet som er blitt delegert oppgåva med forvaltinga av Statens pensjonsfond - Norge.

Departementet sine underordna etatar er:

I tillegg forvaltar departementet staten sine eigarinteresser i særlovselskapet Folketrygdfondet.

Departementet har fagansvaret for lov om Norges Bank og pengevesenet, men Noregs Bank har ei sjølvstendig stilling i høve departementet. Banken kan berre instruerast av Kongen i statsråd, jf. sentralbankloven § 2.

Leiinga i departementet

[endre | endre wikiteksten]

Politisk leiing

[endre | endre wikiteksten]

Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) er sidan 20. oktober 2021 Trygve Slagsvold Vedum frå Senterpartiet. Han blir bistått av fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar.[3]

Administrativ leiing

[endre | endre wikiteksten]

Øvste administrative leiar er finansråd Hans Henrik Scheel frå 1. februar 2015.[4] Kvar av avdelingane blir leia av ein ekspedisjonssjef, som i dei aller fleste tilfelle har rykt opp som interne kandidatar frå departementet sitt eige embetsverk.