Fjelltistel | |
![]() Fjelltistel | |
Status | |
Status i Noreg: ![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Carduoideae |
Stamme: | Cynareae |
Slekt: | Fjelltistelslekta Saussurea |
Art: | Fjelltistel S. alpina |
Vitskapleg namn | |
Saussurea alpina |
Fjelltistel er ei urt i korgplantefamilien. Arten si utbreiing er avgrensa til Europa. Planta vert kring 20 cm høg og har blad med ujamn eller småtagga kant. Desse er filtlodne på undersida. Fjelltistel har gråfiolette korgdekkblad, fiolette kroner og blå mjølknappar. Planta luktar vanilje. Ho blømer kring juli månad i enger til fjells, helst på kalkrik grunn.
Fjelltistel veks i alle fjelltrakter i Noreg, også ned i låglandet. Planta er funnen opp til 2130 m i Jotunheimen.