Francis Quarles | |
Statsborgarskap | Kongeriket England, Storbritannia |
Fødd | 8. mai 1592 London Borough of Havering |
Død |
8. september 1644 (52 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Far | James Quarles |
Mor | Joanne Dalton |
Born | Joanna Smith, John Quarles |
Francis Quarles på Commons |
Francis Quarles (8. mai 1592–8. september 1644) var ein engelsk poet, mest kjend for emblemboka Emblems.
Quarles vart fødd i Romford, i dag London Borough of Havering i grevskapet Essex som eit av dei åtte barna til James Quarles og Joan Dalton. Medlemar av slekta hadde i generasjonar vore i kongens teneste, og faren James hadde fleire postar under Elisabet I og Jakob I. Robert, den eldste broren til Francis, vart slått til riddar av Jakob I.
Frå 1608 studerte Francis Quarles ved Christ’s College ved University of Cambridge. I 1618 gifta han seg med Ursula Woodgate og saman fekk dei atten born. Sonen John Quarles (1624-1665) var òg forfattar.
Det mest kjende verket til Quarles, Emblems, vart første gong publisert i 1635. Boka er utstyrt med groteske illustrasjonar av gravøren William Marshall og andre. Kvart «emblem» er bygd opp av ein parafrase over eit bibelord uttrykt i eit blomstrande språk rikt på metaforar, etterfølgd av skriftord frå dei tidlege kyrkjefedrene og avslutta med eit epigram på fire linjer.
Bland vanlege folk var Emblems svært omtykt, men kritikarar på 1600- og 1700-talet, til dømes Alexander Pope, var nådelause mot Quarles.
Originaltekst av Francis Quarles ved Wikisource (en). |