Franks Wild Years Studioalbum av Tom Waits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1987 | |
Innspelt | The Sound Factory i Hollywood | |
Sjanger | Rock, eksperimentell musikk | |
Lengd | 55:34 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Tom Waits | |
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
Rain Dogs (1985) |
Franks Wild Years | Big Time (1988)
|
Franks Wild Years [sic] er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1987 på Island Records. Albumet har undertittelen «Un Operachi Romantico in Two Acts» og inneheld songar av Waits og medlåtskrivarar (hovudsakleg kona Kathleen Brennan) for ein musikal med same namn. På Tom Waits-albumet Swordfishtrombones finn ein òg songen «Frank's Wild Years».
Dette var tredje albumet til Waits for Island Records og det tredje i rekkja med songar inspirert av tysk karnivalmusikk med sparsommelege arrangement med instrument som marimba, baritonhorn og pumpeorgel og ein hes og ru vokal.
Musikalen hadde premiere i Chicago i USA 22. juni 1986 og var framført av Steppenwolf Theatre Company ved Briar St. Theatre.
Forskjellige utgåver av songen «Way Down in the Hole» har vorte nytta som temamusikk for fjernsynsserien The Wire, inkludert Waits sin originalversjon for den andre sesongen.
«Frank's Wild Years» er òg ein remodernistisk kortfilm av Jesse Richards som delvis er inspirert av albumet.
Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.