Fred-René Buljo | |||
| |||
Fødd | 6. februar 1988 (36 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kristiansand | ||
Fødenamn | Fred-René Øvergård Buljo | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2007– | ||
Sjanger | rapping, Joik | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, rappar, barnehagelærer, produsent, joiker | ||
Far | Klemet Anders Buljo | ||
Prisar | Årets same |
Fred-René Buljo (fødd 6. februar 1988) er ein samisk musikar, rappar, joikar og produsent frå Kautokeino i Finnmark. Han er kjend som medlem av gruppa KEiiNO, og før det som medlem i den norsk-samiske rapgruppa Duolva Duottar. Sistnemnde slo gjennom i Nord-Noreg i 2007, og vart nasjonalt kjend året etter, då ho nådde finalen i talentprogrammet Norske Talenter på TV 2.[1]
Sidan Norske Talenter har Buljo turnert i heile Norden og Russland, og jobba både som låtskrivar og liveartist.[2] I 2019 deltok han i Melodi Grand Prix som ein del av gruppa KEiiNO og vann med låten «Spirit in the Sky».[2][3][4] I tillegg til Buljo består KEiiNO av Alexandra Rotan og Tom Hugo. I 2021 deltok gruppa på ny i Melodi Grand Prix, med songen «Monument».
Buljo har òg sete som representant på Sametinget for partiet Árja, fyrst som vararepresentant frå 2013 til 2016, og som sametingsrepresentant og parlamentarisk leiar i perioden 2016–2017.[5] I tillegg har han hatt ein sentral plass i utviklinga av nye nasjonale læreplanar i musikkfaget i den norske grunnskulen på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.