Fun in Acapulco Filmmusikkalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. november 1963 | |
Innspelt | Januar og mai 1963 | |
Sjanger | Mexicansk musikk, pop | |
Lengd | 29:30 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Joseph Lilley | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Elvis' Golden Records Volume 3
(1963) |
Fun in Acapulco | Kissin' Cousins
(1964) |
Singlar frå Fun in Acapulco | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Fun in Acapulco er det 19. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records i mono og stereo, LPM/LSP 2756, i november 1963. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood den 22. og 23. januar 1963 og i RCA Studio B i Nashville den 26. og 27. mai 1963. Albumet nådde tredjeplassen på Top LP's-lista i USA.[2] Albumet og filmen vart det siste Presley gav ut før Beatlemania.
Filmen var den tredje tropiske «reisefilmen» Presley deltok i for Paramount Pictures etter Blue Hawaii og Girls! Girls! Girls!, og denne gongen var Elvis i Mexico. Fleire av dei faste låtskrivarane til Presley leverte songar som passa til filmen, med titlar som «Marguerita», «El Toro», «You Can't Say No In Acapulco» og «The Bullfighter Was A Lady».[3] I tillegg finn ein standardlåten «Guadalajara» av Pepe Guízar frå 1937. Presley fekk med seg trompetistane Rudolph Loera og Anthony Terran på innspelinga, og framførte songane med større entusiasme enn dei siste filmmusikkinnspelingane hans.[3] Fire av desse songane vart sidan gjevne ut på samlealbumet Command Performances: The Essential 60s Masters II i 1995: tittelsporet, «Mexico,» «Marguerita» og songen som vart gjeven ut som den første singelen, «Bossa Nova Baby».[4]
«Bossa Nova Baby» kom i butikkane ein månad før albumet, i lag med sporet «Witchcraft» av rhythm and blues-låtskrivaren og arrangøren Dave Bartholomew og som var ein hit for The Spiders i 1956.[5] At bossa nova-bølgja frå 1960-åra var eit brasiliansk fenomen og ikkje eit mexicansk fenomen verka å bety lite, sidan singelen nådde åttande plassen på Billboard Hot 100 og 20. plassen på R&B-lista.[6]
For å kompensere for det korte, ti spor lange It Happened at the World's Fair, insisterte manageren til Presley, Colonel Tom Parker, på at Fun in Acapulco skulle bli verdt pengane.[7] Det vart lagt til to songar, «Love Me Tonight» og «Slowly But Surely» frå ei avkorta albuminnspeling frå mai 1963, slik at det totale talet kom opp i tretten songar.[8]
I 2003 vart Fun in Acapulco gjeve ut på ny på selskapet Follow That Dream med mange alternative opptak av songane.[9]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Fun in Acapulco» | Ben Weisman og Sid Wayne | 23. januar 1963 | 2:30 |
2. | «Vino, Dinero y Amor» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 22. januar 1963 | 1:55 |
3. | «Mexico» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 22. januar 1963 | 1:59 |
4. | «El Toro» | Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye | 23. januar 1963 | 2:42 |
5. | «Marguerita» | Don Robertson | 22. januar 1963 | 2:42 |
6. | «The Bullfighter Was a Lady» | Sid Tepper og Roy C. Bennett | 22. januar 1963 | 2:04 |
7. | «(There's) No Room to Rhumba in a Sports Car» | Fred Wise og Dick Manning | 23. januar 1963 | 1:53 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «I Think I'm Gonna Like It Here» | Don Robertson and Hal Blair | 22. januar 1963 | 2:53 |
2. | «Bossa Nova Baby» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 22. januar 1963 | 2:02 |
3. | «You Can't Say No in Acapulco» | Sid Feller, Dolores Fuller, Lee Morris | 23. januar 1963 | 1:55 |
4. | «Guadalajara» | Pepe Guízar | 23. januar 1963 | 2:43 |
5. | «Love Me Tonight» (bonus track) | Don Robertson | 26. mai 1963 | 2:00 |
6. | «Slowly But Surely» (bonus track) | Ben Weisman og Sid Wayne | 27. mai, 1963 | 2:12 |
Utgjeve | Katalognummer | Songtitlar | Listeplassering | |||
---|---|---|---|---|---|---|
US | UK | US Hot[10] | US R&B[11] | UK[12] | ||
Oktober 1963 | RCA 47-8243 | RCA 1374 | «Bossa Nova Baby» med
«Witchcraft»(ikkje ein del av filmen) |
8
37 |
20
— |
13
— |
|
|
Album
År | Lister | Plassering |
---|---|---|
1963 | Billboard Pop Albums | 3 |