Gabriele Tergit | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 4. mars 1894 Berlin |
Død |
25. juli 1982 (88 år) |
Yrke | journalist, skribent |
Born | Ernst Robert Reifenberg |
Gabriele Tergit (pseudonym for Elise Reifenberg, fødd Hirschmann, 4. mars 1894–25. juli 1982) var ein tyskfødd engelsk skribent og journalist. Ho blei kjend for rapportane sine frå rettsaker, og som forfattar for romanen sin Käsebier erobert den Kurfürstendamm; i engelsk omsetjing Käsebier Takes Berlin)[1] Tergit var sekretarar for PEN-Center for tysktalande forfattarar i utlandet.[2] Ho var mor til matematikaren Ernst Robert Reifenberg.
Elise Hirschmann var fødd i ei jødisk familie i Berlin i 1894. Då ho var 19 år fekk ho sin fyrste avisartikkel på trykk i eit bilag til Berliner Tageblatt i 1915.[2] Det var ein tekst om vanskane til kvinner i krigstid.[2] Ho avbrot det fyrste forsøket sitt på å koma inn i avisindustrien fordi pressa generelt var oppfatta som å ikkje vera ein stad for unge kvinner av betre klasse.[3] I staden studerte ho historie og filosofi ved fleire tyske universitet, og fekk til slutt doktorgraden i 1925 ved Universitetet i Frankfurt am Main med historikarane Freidrich Meinecke og Erich Marcks som rettleiarar.[2][4]
Frå 1920 gav Tergit ut tekstar i feuilletonbilaga til Vossische Zeitung og Berliner Tageblatt.[2] I løpet av denne tida blei Tergit kjent for den tyske nyheitslesaren som juseporter i Berliner Tageblatt. Ho var ein av dei som introduserte litterære verkemiddel til denne typen reportasje.[5] Ho skreiv òg artiklar som kritiserte urettvise eller reaksjonære domarar, trykte i tidsskriftet Die Weltbühne, som blei gjeve ut av Carl von Ossietzky.[2] I 1928 gifta ho seg med arkitekten Heinz Reifenberg.[2]
Debutromanen hennar Käsebier erobert den Kurfürstendamm kom ut i 1932 og gjorde henne berømt.[2] På grunn av den kritiske omtalen hennar av prosessane som involverte nazistane, prøvde ei stor mengd SA-menn å tvinga seg inn i leilegheiten hennar i mars 1933.[6][2][7] Etter dette flykta ho til Spindlermühle, og drog seinare til Palestina.[2] Frå 1938 budde ho i London.[2] Ho hadde allereie byrja å skriva den historiske romanen Effingers, som handlar om fleire generasjonar av ein tysk-jødisk familie og som til tider er blitt kalla den «jødiske Buddenbrooks». Romanen blei gjeven ut i 1951, men hadde berre avgrensa suksess då han blei utgjeven.[2][7]
Tergit døydde i London, 25. juli 1982. Etter at ho døydde blei det gjeve ut ei samling av minna hennar, Etwas Seltenes überhaupt, i 1983.[2] Ei gate i Berlin er oppkalla etter henne.