Garik Papoyan | |||
Fødd | 20. september 1984 (40 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gjumri | ||
Opphav | Armenia | ||
Aktiv | 2007– | ||
Verka som | programleiar, skodespelar, musikar, fjernsynsskodespelar |
Garik Papoyan (fødd 20. september 1984) er ein armensk komikar og musikkprodusent.[1]
31. desember 2013 valde Hayastani Hanrayin herrustaynkerut’yun Aram MP3 til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen, «Not Alone», vart presentert 14. mars 2014 og vart framført på engelsk. Papoyan hadde skrive songen saman med Aram MP3.[2][3]
Fleire store tippeselskap, inkludert Bwin og Sky Bet, spådde at bidraget ville vinne Eurovision Song Contest 2014.[4][5]