Geir Ellingsrud

Geir Ellingsrud
Fødd29. november 1948
NasjonalitetNoreg
Områdealgebraisk geometri
Yrkematematikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Oslo
Stockholms universitet
DoktorgradsrettleiarChristian Peskine
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Geir Ellingsrud (fødd 29. november 1948) er ein norsk matematikar og professor ved Universitetet i Oslo. Han var rektor ved universitetet i perioden 2006–2009.

Akademisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Ellingsrud vart fil.dr. ved Stockholms universitet i 1983, og har sidan 1992 vore professor i matematikk ved Universitetet i Oslo. I 1988 fekk Ellingsrud «Norges Allmennvitenskapelige Forskningsråds pris for fremragende forskning». Han var redaktør for fagtidsskriftet Acta Mathematica i seks år og ansvarleg redaktør for det populærvitskaplege tidsskriftet NORMAT i fire år.

Rektor ved Universitetet i Oslo

[endre | endre wikiteksten]

Ellingsrud stilte som ein av fem kandidatar ved rektorvalet ved Universitetet i Oslo hausten 2005, og profilerte seg under valkampen som delvis kritisk til «Kvalitetsreforma». Samanlikna med dei andre kandidatane, hadde han ein lågmælt stil under valkampen, men han hadde stor støtte hjå fagorganisasjonane på universitetet og enda med å vinne valet. Ellingsrud tiltredde som rektor i januar 2006. Hausten 2008 gjorde han det klart at han ikkje tok attval til ein ny periode våren 2009.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]