Germaine Acogny | |||
Fødd | 28. mai 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Porto-Novo | ||
Opphav | Senegal, Frankrike | ||
Aktiv | 1968– | ||
Verka som | koreograf, pedagog | ||
Prisar | ridder av Løveordenen, ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Officier des Arts et des Lettres, Bessie Award |
Germaine Acogny (fødd 28. mai 1944) er ein fransk-senegalesisk dansar og koreograf som er kjend for å ha utvikla moderne afrikansk dans frå og med skipinga av sitt eige dansestudio i Dakar i 1968.
Germaine Acogny blei fødd 28. mai 1944[1] i Porto-Novo i Benin[2] som dotter av Togoun Servais Acogny, ein kolonifunksjonær og forfattar av Récits d'Aloopho, som ho ærar i opptredenen À un endroit au début[3], og ein lærar.[4] Bestemor hennar var jorubaprest, og kom til å påverka den seinare dansen hennar.[5] Familien flytta til Senegal i 1948.[4]
Ho utdanna seg som gymnastikklærar i Dakar, og oppdaga fyrst ballett ved École Simon-Siégel i Paris i 1962.[4] Ho studerte vestleg klassisk og moderne dans i Paris og New York, og utvikla etterkvart sin eigen dansestil som bygde på denne og tradisjonell afrikansk dans.[5]
I 1968 grunnla ho eit dansestudio i Dakar.[6] Frå 1977 til 1982 leia Germaine Acogny Mudra Afrique, ein danseskule skapt av Maurice Béjart og president Léopold Sédar Senghor i Dakar. I 1980 gav ho ut boka La Danse africaine, som kom ut på tre språk.[6][7] Etter at Mudra Afrique blei stengd underviste ho ved L'Isle-Jourdain, 35 km unna Toulouse.[7] Deretter flytta ho til Brussel der ho arbeidde med kompaniet til Maurice Béjart og organiserte internasjonale danseverkstader med afrikansk dans som blei ein stor suksess. Ho hadde ei tid ein skule i den vesle landsbyen Fanghoumé i Casamance sør i Senegal, og fekk fleire tilreisande elevar.[5] I 1985 skipa ho saman med ektemannen Helmut Vogt «studio-école ballet-théâtre du 3e monde» i Toulouse.[5]
I 1995 bestemte Germaine Acogny seg for å venda tilbake til Senegal. I 1998 skipa ho foreininga Jant-Bi / l'École des Sables. Jant-Bi er eit dansekompani som har turnert over heile verda, og Acogny har laga fleire koreografiar for det.[8] I 1997 blei ho utnemnd til kunstnarisk leiar for dans ved Afrique en Création i Paris og for Rencontres chorégraphiques de danse africaine contemporaine, ei rolle ho hadde til september 2000. I 2004 opna ho eit internasjonalt senter for tradisjonell og moderne afrikansk dans med namnet «École des sables» i Toubab Dialo i Senegal. På slutten av 2010-talet fekk skule økonomiske vanskar etter at ein støttespelar, den nederlandske stiftinga Doen, ikkje lenger kunne gje bistand.[9] Skulen klarte likevel å halda fram. I 2020 trekte Germaine Acogny og Helmut Vogt seg tilbake frå drifta av skulen.[5]
Germaine Acogny er utnemnd til riddar av franske Ordre national du Mérite og offiser av Ordre des Arts et des Lettres og riddar av Ordre national du Lion du Sénégal. Ho vann ein BESSIE-pries(New York Dance and Performance Award) for Fagaala i 2007 saman med Kota Yamazaki.[5]
I 2014 blei ho lista opp blant «dei 50 mest innverknadsrike afrikanarane i verda» av bladet Jeune Afrique[10].
I 2019 hadde ho ei rolle i filmen Yao med Omar Sy i hovudrolla.
17. februar 2021 blei Germaine Acogny tildelt Gulløva for dans ved Venezia-biennalen.[11]