«Grito» Song av Iolanda | ||
Land | Portugal | |
Språk | Portugisisk | |
Utgjeve | 18. januar 2024 | |
Lengd | 02:56 | |
Selskap | Universal Music Portugal | |
Komponist | Iolanda | |
Tekstforfattar | Iolanda | |
Låtskrivar(ar) | Iolanda Costa, Alberto «Luar» Hernández |
---|
«Grito» (norsk omsetjing ‘rop’) er ein song frå 2024 som blir framført av den portugisiske songaren og låtskrivaren Iolanda. Songen er komponert av Iolanda sjølv, saman med Alberto «Luar» Hernández. Songen vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2024 og var det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024.
«Grito» er skriven av Iolanda Costa, kjend under artistnamnet Iolanda. Ho skreiv songen saman med Alberto Hernández.[1]
«Grito» var ein av deltakerlåtane i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2024, der vinnaren fekk representere Portugal i Eurovision Song Contest 2024. Songen blei stadfesta som deltakar 18. januar 2024 og gjeve ut på den offisielle YouTube-kanalen til Festival da Canção saman med dei andre bidraga.[2]
«Grito» deltok i den fyrste semifinalen av Festival da Canção 2024 24. februar 2024 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. mars samme år. Songen vann deretter finalen etter å ha vunne juryavrøystinga og komme på andreplass i telefonavrøystinga.[3] Gjennom sigeren fekk låten representere Portugal i Eurovision Song Contest.[4]
Portugal deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö.[5] Der enda «Grito» på ein åttandeplass i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[6][7] I finalen fekk låten 152 poeng og blei nummer 10 av 25 finalistar.[8]
Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Lithuania (AGATA)[9] | 65 |
Portugal (AFP)[10] | 48 |