Habaka | |||
landsby | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Irbid guvernement | ||
Koordinatar | 32°28′N 35°51′E / 32.467°N 35.850°E | ||
Folketal | 1 800 | ||
Habaka 32°28′00″N 35°51′00″E / 32.46666667°N 35.85°E | |||
Kart som viser Habaka.
|
Habaka (arabisk حبكا) er ein liten småby i åsane nord i Jordan, 75 km nord for hovudstaden Amman, og kring 5 km sør for Irbid. Regionen har særs frodig jord og godt klima, som gjev gode vekstvilkår for jordbruk. Hovudprodukta som vart dyrka her er oliven og druer. Åsane her er dekte av furuskogar som strekkjer seg frå Ajloun.
Habaka har kring 1800 innbyggjarar.[1]
Det er gjort funn på Tell Johfiyeh i nærleiken, som går attende til jernalderen.[2] Ein av dei kjende islamske vitskapsmennene , ‘Ali bin Ziadah bin abd Alrhman Alhabaki Alshafie’ var frå Habaka og døydde i 1364.[3]