Hans Edvard Kjølseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. september 1870 Vestnes kommune |
Død |
13. januar 1966 (95 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Hans Edvard Olsson Kjølseth (28. september 1870–13. januar 1966) var ein norsk skulemann og borgarmeister (rådmann) frå Tresfjord i Romsdal som representerte kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget i perioden 1925-27, vald for partiet Venstre.
Kjølseth var son til ein gardbrukar og bygningsmann på garden Øvstedal i dåverande Sylte herad. Frå 1887 til 1889 var han bygningsmann, deretter gjekk han eitt år i smedlære, før han 1890-93 arbeidde på Trondhjems mekaniske Værksted. Skuleåret 1893/94 gjekk han den tekniske skulen i Horten, før han i 1894-95 var han teiknar ved Kongsberg Våpenfabrikk. Frå 1895 til 1918 var Kjølseth tilsett ved Skiensfjordens mekaniske fagskole i Porsgrunn. Her var han lærar 1895-97, inspektør 1898-1901, overlærar 1901-08 og direktør 1908-18. Før han vart inspektør, studerte han ved Elektrotechnicum Komotau (dagens Chomutov) i Böhmen. Frå 1920 til 1941 var han borgarmeister i Porsgrunn, oppsagd av okkupasjonsmakta.
Kjølseth var med i styringa av Skiensfjordens kommunale kraftselskap i nærare tretti år. Han var nestformann 1911-28 og formann 1928-1940. Ei tid var han også medlem av formannskapet i Porsgrunn.
Hausten 1924 vart Kjølseth vald inn på Stortinget frå dei åtte kjøpstadene i fylka Telemark og Aust-Agder. På Tinget var han sekretær i Militærkomiteen. Han var også medlem i Riksretten 1926/27 mot Berge-regjeringa. Utanom stortingsarbeidet var han formann i Gymnastikk-komiteen av 1929, og han var medlem i Komiteen om distriktsbefalet av 1938.
Kjølseth skreiv fleire læreverk, mellom anna i elementær mekanikk og i elektrisitetslære. I 1909 kom han ut med ei bok i høve Skiensfjordens mekaniske fagskole sitt 25-årsjubileum, og i 1937 ei anna då det lokale kraftselskapet markerte femti års drift.