Harald Sverdrup | |
Harald Sverdup i 1967. Foto: Rigmor Dahl Delphin/Oslo Museum
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. mai 1923 Buksnes kommune |
Død |
26. juni 1992 (69 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, barnebokforfattar |
Born | Elfi Sverdrup |
Harald Sverdrup på Commons |
Harald Sverdrup (fødd 29. mai 1923 på Vestvågøy i Lofoten, død 26. juni 1992) var ein norsk lyrikar, og blant dei leiande i etterkrigslitteraturen.
Sverdrup debuterte i 1948 med diktsamlinga Drøm og drift. Men både denne samlinga og den neste, Evigbyggende Babel, er relativt uferdige. Ikkje før med den tredje samlinga si Han finner sin elskede (1953) framstod Sverdrup som ein moden og formsikker lyrikar. Det er difor rimeleg å handsame han saman med dei «eigentlege» 50-årsdebutantane.
Harald Sverdrup var ein vitalist og livsdyrkar, og ein av dei mest intense lyrikarane i norsk etterkrigslyrikk.
Sverdrups poesi er prega av ein varm erotikk, og av kunnskap om og kjærleik til naturen. Med eit frodig biletspråk skriv Sverdrup om erotikk og politikk. Eit tema som står svært sentralt i dikta hans, er den brutale rovdrifta på naturen. Med humor, sarkasme og ikkje minst ironi går han til åtak på samfunnsutviklinga i atomalderen. Han åtvarar mot omsynslaus utnytting av naturen og mot faren for å utslette kloden ved bruk av atomvåpen.
Songane «Drikkevise», «Jeg vil bli keiser» og «Sjømannsvise» på Alf Cranners album Rosemalt sound frå 1967 er basert på tekster av Harald Sverdrup.
Harald Sverdrup budde og arbeidde i mange år i Stokke i Vestfold. Han var far til smykkekunstnaren og songaren Elfi Sverdrup.