Helene Bøksle | |||
Fødd | 1. april 1981 (43 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mandal kommune | ||
Fødenamn | Helene Margrete Bøksle | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1985– | ||
Sjanger | pop, folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | skodespelar, songar, plateartist | ||
Far | Ivar Bøksle |
Helene Margrete Bøksle (fødd 1. april 1981) er ein norsk songar og skodespelar. Ho skriv det meste av materialet sitt sjølv, i framfører ein blandingsjanger mellom folkemusikk, pop og folkrock. Ho fekk det store gjennombrotet sitt i 2009 med juleplata Det hev ei rose sprunge, som selde til platinaplate til trass for at ho ikkje vart marknadsført. Bøksle har òg ved fleire høve sunge saman med Bjørn Eidsvåg, David Urwitz, Kurt Nilsen, Secret Garden og Vamp.
Bøksle er dotter av Ivar Bøksle og vaks opp på Frydnes inst i Harkmarkfjorden utanfor Mandal. Ho er utdanna ved Nordisk Institutt for Scene og Studio.
Som 13-åring song Bøksle under utdelinga av Nobels fredspris. Hausten 2003 deltok ho i talentkonkurransen Kjempesjansen på NRK saman med Hannah Wilder på hardingfele. Ho stilte med låten «Heiemo og nykkjen», ei moderne framføring av mellomalderballaden «Nøkken som belar». Ho kom til finalen, der ho framførte den tyske folkevisa og julesalmen «Det hev ei rose sprunge», og enda på fjerdeplass. Jula 2003 opptredde ho under Frelsesarmeens julekonsert med «Det hev ei rose sprunge».
I september 2004 sette Bøksle opp musikktilstellinga Elverhøy i Ravnedalen i Kristiansand. Den trekte over 5 000 tilskodarar, og arrangementet vart seinare gjenteke tre år på rad.
Bøksle har levert vokal til temamusikken til videospelet Age of Conan: Hyborian Adventures, komponert av Knut Avenstroup Haugen i 2009. Denne musikken mottok ei rekkje prisar, milom anna Hollywood Music Awards for beste spel-musikk. Same år opptredde ho òg på Spellemannprisen 2009 med utdrag derfrå, og i oktober var ho med i NRK-programmet Beat for beat.
I 2010 turnerte Bøksle i Kina med musikarane Markus Lillehaug Johnsen (gitar) og Stein Inge Brækhus (perkusjon) i regi av Rikskonsertane, med 17 konsertar på to veker. Vesle julaftan og 2. juledag 2010 hadde Bøksle ein halv times julekonsert med Kringkastingsorkestret (KORK) på NRK1 med over 700 000 sjåarar.
I 2011 deltok Bøksle i Melodi Grand Prix 2011 med melodien «Vardlokk». I den fyrste delfinalen på Ørlandet 15. januar gjekk ho direkte vidare til finalen i Oslo Spektrum.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |