Henrik Kauffmann | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 26. august 1888 Frankfurt am Main |
Død | |
Yrke | diplomat, politikar, envoyé |
Språk | dansk |
Henrik Kauffmann på Commons |
Henrik Kauffmann (26. august 1888–5. juni 1963) var Danmarks ambassadør i Washington i 1941. 9. april 1941 skreiv han "på kongens vegne", og med tilslutning frå landsfogedane i Grønland under på ein avtale med USA om forsvaret av Grønland. Avtalen gav USA rett til å bygge militære anlegg i den dåverande danske kolonien. Den danske regjeringa protesterta mot avtalen, gav Kauffmann avskjed og sikta han for landsforræderi. Dei danske generalkonsulane i USA erklærta seg likevel solidariske med Kauffmann, og dei vart dermed også sagt opp.
Henrik Kauffmann vart rehabilitert straks etter frigjeringa av Danmark i mai 1945, og han var minister utan portefølje i Befrielsesregeringen frå 12. mai 1945 til 7. november 1945.