Hermann Scherer | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 8. februar 1893 Rümmingen |
Død |
13. mai 1927 (34 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar |
Hermann Scherer på Commons |
Hermann Scherer (8. februar 1893–13. mai 1927) var ein tysk-sveitsisk ekspresjonistisk kunstmålar og bilethoggar fødd i Rümmingen i Baden-Württemberg.
Etter endt skulegang begynte Scherer i 1907 som lærling i steinfaget i ein verkstad i Lörrach. Åra 1910-19 arbeidde han etterrokes som steinhoggar i verkstadene til tre ulike bilethoggarar i Basel. Kring 1919/20 hadde Scherer ei modernistisk oppfatning av kva kunst var og skulle vere. I den samanheng øydela han mange av dei verka han hadde skapt til då.
To tilhøve hadde avgjerande innverknad på hans kunstnariske utvikling i dei tidlege 1920-åra; ei vandreutstilling med Edvard Munchs kunst på Kunsthaus Zürich, og så vart han kjend med Ernst Kirchner. Åra 1922-24 arbeidde han i fleire lange periodar i grenda Frauenkirch ved Davos. I 1924 fekk han så høve til å delta på ei utstilling av nyare tysk kunst i Stuttgart med tre av treskulpturane sine.
Same året danna han, saman med Albert Müller og Paul Camenisch, kunstnargruppa Rot-Blau («Raud-blå») som også Werner Neuhaus slutta seg til. På ei utstilling i Kunstverein Basel i 1925 fekk gruppa stor offentleg merksemd. Kort etter fekk gruppa høve til å stille ut verk på Kunsthaus Zürich. Til begge utstillingane vart enkelte verk avvist, då dei vart erklært for å vere støytande.
Hausten 1926 vart Scherer alvorleg sjuk og døydde 13. mai 1927. Året etter markerte Kunsthalle Basel kunstnaren med ei utstilling som presenterte meir enn 200 av verka hans.