Horseshoe Bend National Military Park | |||
verneområde | |||
Kampstaden ved Horseshoe Bend, som i 1814 var skogkledd.
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Alabama | ||
Stad | Tallapoosa County i Alabama | ||
- koordinatar | 32°58′15″N 85°44′18″W / 32.97083°N 85.73833°W | ||
Areal | 8,26 km² | ||
Grunnlagd | 25. juli 1956 | ||
Horseshoe Bend National Military Park 32°58′15″N 85°44′18″W / 32.9708°N 85.7383°W | |||
Wikimedia Commons: Horseshoe Bend National Military Park |
Horseshoe Bend National Military Park er ein militær nasjonalpark ved Tallapoosa-elva i Alabama i USA. Han blei oppretta i 1956 til minne om slaget ved Horseshoe Bend i 1814, under Creek-krigen. Slaget stod 27. mars mellom ein milits leidd av general Andrew Jackson, med støtte frå 39th U.S. Infantry Regiment, cherokeefolk og Lower Creek-muskogeefolk mot Upper Creek-gruppa Red Sticks. Slaget var det siste store i Creek-krigen, og førte til tap av makt og landområde for muskogeefolka.
Slaget fann stad ved ein barrikade Red Sticks-krigarane hadde bygga for å verna landsbyen sin, Tohopeka. Over 800 Upper Creek-folk døydde under slaget på heimeområdet sitt. Dette er det største tapet av liv blant urfolk i eit enkelt slag i USA-amerikansk historie.[1] Red Sticks-leiaren Menawa blei såra, men overlevde.
9. august 1814 skreiv muskogeefolka under på Fort Jackson-traktaten, som overførte 23 millionar acre (93 000 km2) land til styresmaktene i USA. Delar av dette området blei gjort om til delstaten Alabama i 1819. Resten tilhøyrer no Georgia. Andrew Jackson blei ein krigshelt som seinare blei vald til president i USA.