Hot August Night er eit dobbelt konsertalbum frå 1972 av Neil Diamond. («Hot August night» er opningslinja i Diamond-songen «Brother Love's Travelling Salvation Show».) Albumet vart spelt inn på ein konsert med Diamond den 24. august 1972, ein av ti utselde konsertar som Diamond spelte den månaden ved The Greek Theatre i Los Angeles.
Dette albumet og det førre studioalbumet, Moods, vert genrelt rekna som dei to viktigaste innspelingane til Diamond i form av å definere signaturstilen hans.
Albumet vart ein stor suksess for Diamond og i Australia låg albumet heile 29 veker på toppen av albumlista i 1973 og 1974, noko som berre vart gjenteke av Delta Goodrem med hennar Innocent Eyes i 2003. Denne rekorden vart slått i 1980-åra av Dire Straits med albumet deira Brothers in Arms som låg 34 veker på toppen av albumlista. Albumet låg framleis på Topp 20 i 1976 og gjekk igjen inn på den australske Topp 10-lista i 1982.
I ei melding for Rolling Stone skreiv musikkritikaren Lester Bangs kalla Hot August Night ein «fin presentasjon av heile spekteret» til Diamond og hylla musikken for «stor, pretensiøs, fårete pop» med eit melodrama og «ei hymne-liknande kjensle».[4] I meldinga si for Creem avskreiv Robert Christgau albumet som eit mislukka forsøk på «dårleg kunst», og han fann humoren til Diamond «fyndig» og countrysongane hans smaklause.[2]
Sidan har Allmusic-redaktøren Stephen Thomas Erlewine kalla Hot August Night «den ultimate Neil Diamond-skiva ... som syner ikonet Diamond i full prakt».[1]Rob Sheffield kalla i The Rolling Stone Album Guide (2004) albumet «the triumph of Neilness» og sa at musikken var berre noko meir «laus» enn på studioinnspelingane hans, men «munter».[3]
Strykarar - Sidney Sharp, Philip Candreva, Paulo Alencar, Baldassare Ferlazzo, Robert Lipsett, Haim Shtrum, Ron Folsom, Henry Ferber, Hyman Goodman, William Henderson, John DeVoogdt, Wilbert Nuttycombe, Jay Rosen, Walter Wiemeyer, Shari Zippert, Ralph Schaeffer, Tibor Zelig, Walter Rower, Salvatore Crimi, Richard Kaufman, David Turner (fiolinar), Linn Subotnick, Philip Goldberg, Sven Reher, Myron Sandler, Marilyn Baker, Samuel Boghossian (bratsjar), Jesse Ehrlich, Jerome Kessler, Raymond Kelley, Nathan Gershman, Alice Ober, Giacinto Nardulli (celloar), Timothy Barr, Jess Bourgeois, Don Bagley (kontrabassar)
Neil Diamond's Greatest Hits ·Shilo ·Do It ·Diamond's Diamonds ·Double Gold ·Rainbow ·Brooklyn Roads ·His 12 Greatest Hits ·Solitary Man ·20 Super Hits ·And The Singer Sings His Songs ·Early Classics ·20 Golden Greats ·The Very Best of Neil Diamond ·Love Songs ·12 Greatest Hits Vol. II ·Classics: The Early Years ·The Very Best of Neil Diamond ·The Essential Collection ·The Greatest Hits: 1966–1992 ·Glory Road: 1968-1972 ·The Best of Neil Diamond ·The Ultimate Collection ·In My Lifetime ·The Neil Diamond Collection ·The Essential Neil Diamond ·The Very Best of Neil Diamond ·Play Me: The Complete Uni/MCA Studio Recording ·Gold ·The Essential Greatest Hits Collection ·The Best of Neil Diamond ·Classic – The Universal Masters Collection ·The Best of Neil Diamond (2008 edition) ·The Essential Neil Diamond 3.0 ·Icon ·The Bang Years, 1966-1968