I Gotta Know Song av Cliff Richard | ||
Innspelt | September 1959 | |
Sjanger | Doo-wop | |
Lengd | 2:28 | |
Komponist | Paul Evans | |
Tekstforfattar | Matt Williams | |
Låtskrivar(ar) | Paul Evans, Matt Williams |
---|
«I Gotta Know» er ein song spelt inn av Cliff Richard i september 1959 og Elvis Presley den 4. april 1960. Paul Evans skreiv musikken, medan Matt Williams skreiv teksten.[1] Songen vart spelt inn av Elvis Presley som B-sida til «Are You Lonesome Tonight?», men nådde likevel 14. plassen på listene.[1] Lydteknikaren på innspelinga til Presley var Nashville sound-pioneren Bill Porter. Singelen med «I Gotta Know» som B-side vart ein av dei mestseljande singlane i 1960 og låg seks veker på toppen av Billboard og nådde tredjeplassen på R&B-lista.[2]
«I Gotta Know» er ein kjærleikssong i G-dur som er skildra som ein «mild rockelåt».[3] Songen går i ein doo-wop-rytem og bluesstil, med akkordar frå G til C til D7.
Ein franskspråkleg versjon kalla «Je t'aime trop» vart omsett av Jacques Dambrois og Eddy Mitchell. Denne vart framørt av Les Chaussettes Noires i mars 1961.