Ian Robertson Underwood | |||
Fødd | 22. mai 1939 (85 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1959 til i dag | ||
Sjanger | Jazz, avantgarde, eksperimentell rock, jazzfusion, doo-wop, komedierock | ||
Instrument | klaverinstrument, gitar, synthesizer, treblåseinstrument | ||
Kjende instrument | Moog synthesizer | ||
Tilknytte artistar | The Mothers of Invention, Flo & Eddie, Frank Zappa, Captain Beefheart | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Ruth Underwood |
Ian Robertson Underwood (fødd 22. mai 1939) er ein amerikanske musikar som spelar treblåseinstrument og klaverinstrument. Underwood er kanskje mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa.
Underwood studerte ved Yale University og tok bachelor i komponering i 1961 og master i komponering ved UC Berkeley i 1966. Han byrja karrieren sin med å spele på kafear og barar i San Francisco Bay Area med improvisasjonsgruppa si the Jazz Mice midt i 1960-åra før han vart medlem av Frank Zappa and the Mothers of Invention i 1967 på det tredje albumet deira, We're Only In It For The Money. Han snakkar på Uncle Meat på sporet «Ian Underwood Whips It Out» der han fortel om korleis han første gongen møtte Zappa og demonstrerte kor god han var på saksofon. Underwood arbeidde seinare med Frank Zappa på soloalbuma hans, mellom anna i 1969 på Hot Rats.[1] Han gifta seg med Ruth Komanoff (Underwood), marimbist/perkusjonist frå the Mothers of Invention i mai 1969. Underwood slutta i the Mothers of Invention i september 1973. Han og Ruth skilde seg i 1986.
Etter ein lang karriere med Frank Zappa vart han studiomusikar på klaverinstrument. Mellom anna har han arbeidd med Quincy Jones, Barbra Streisand, Ronee Blakley, Hugh Cornwell, Freddie Hubbard, Jean-Luc Ponty, Herb Alpert, Hugh Masekela, Peggy Lee, Dolly Parton, Chicago, Janet Jackson, Dave Grusin, Jefferson Airplane, Frankie Valli, The Carpenters, James Ingram og Barry Manilow. Underwood var òg ein av musikarane som spelte kjenningsmelodien i hitserien frå 1980-åra «Knight Rider» («The Stu Phillips Scores: Knight Rider». [1][daud lenkje]).
Underwood har òg spelt mykje (hovudsakleg klaverinstrument) for James Horner på mykje av filmmusikken til Horner, som Titanic (1997) og Sneakers (1992).[2]
Lenox School of Jazz Concert, 1959 med Ornette Coleman, Herb Pomeroy
Med Alphonse Mouzon
Med Lalo Schifrin
Med Gábor Szabó
Noko av filmmusikken han har spelt på