Ida Kohlmeyer

Ida Kohlmeyer
Statsborgarskap USA
Fødd 3. november 1912
New Orleans
Død

24. januar 1997 (84 år)
New Orleans

Yrke kunstmålar, bilethoggar, universitetslærar, kunstnar

Ida Rittenberg Kohlmeyer (3. november 191224. januar 1997) var ein amerikansk målar og bilethoggar som budde og verka i Louisiana. Kohlmeyer byrja å måla i 30-åra, og oppnådde vid merksemd for verka sine i kunstmuseum og galleri i heile USA.[1] Det er verk av henne ved National Museum of Women in the Arts,[2] Smithsonian American Art Museum, Ogden Museum of Southern Art og New Orleans Museum of Art. Kohlmeyer var medlem av reformjødedomrørsla, og hadde ei aktiv rolle i det jødiske samfunnet i New Orleans gjennom heile livet. Touro Synagogue i New Orleans stiller ut mange av verka hennar i synagogen og i samfunnshallen sin.

Kohlmeyer, fødd Rittenberg, var dotter av polske innvandrarar til USA. Ho tok graden Bachelor of Arts in English ved Newcomb College, eit tidlegare kvinnecollege ved Tulane University. Etter å ha gått ut frå Newcomb gifta ho seg med Hugh Kohlmeyer, og dei drog på bryllaupsreise til Vera Cruz og Mexico by i Mexico i 1934. Her blei Kohlmeyer inspirert av og fatta interesse for kunst frå Sør- og Sentral- Amerika.[3]

Kunstkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Kohlmeyer vende tilbake til Newcomb/Tulane i 1950 og fullførte graden Master of Fine Arts i måling i 1956.[4] Deretter studerte ho måling med kunstnaren Hans Hofmann i New York. Hofmann, som er kjend for fargebruken sin, påverka henne mot avgjerda ho etterkvart tok om å gå vekk frå realistisk representasjon og i staden laga abstrakt kunst.[5] Dei tidlege verka hennar var hovudsakleg i ein gestural style påverka av Holfmann og andre abstrakte impresjonistar, som Arshile Gorky og Mark Rothko, som ho møtte i New York.

Ho hadde si fyrste utstilling ved New Orleans Museum of Art i 1957, og si fyrste utstilling i New York ved Ruth White Gallery i 1959.[1]

Inspirert av interessa for søramerikansk kunst og verka til Miró utvikla Kohlmeyer sin eigen stil, «...a distinctive vocabulary of hieroglyphs, shapes, and signs, all organized in a loose grid, that hovered among abstraction, writing and emblem.»[1] Ho utforska denne stilen seinare i livet sitt. Atlanta High Museum of Art hadde ei retrospektiv utstilling av verka hennar i 1972, det same gjorde Mint Museum of Art i Charlotte i Nord-Carolina, som sende utstillinga til sju byar i 1984 og 1985.[1]

Kohlmeyer nådde høgda av karrieren sin seint i livet, då ho fekk fleire større kommisjonar, mellom anna eit prosjekt for Equitable Life Assurance Society-bygningen ved 1515 Poydras Avenue i New Orleans og ein større installasjon av tjue måla metallskulpturar for Audubon Aquarium of the Americas ved breidda av Mississippi med tittelen Aquatic Colonnade. Kohlmeyer døydde i 1997 ved Touro Infirmary i New Orleans.

I 2004 skipa Newcomb Art Gallery ei utstilling, Systems of Color, og ei tilhøyrande bok vigd Kohlmeyer.[3]

New Orleans Museum of Art feira hundreårsjubileet for karrieren til Kohlmeyer i 2012-2013.[6]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Smith, Roberta. «Ida Kohlmeyer, 84; Known as Pictographic Painter». New York Times. Henta 13. juni 2017. 
  2. «Artist Spotlight: Ida Kohlmeyer (American, 1912-1997)». Broad Strokes: The National Museum of Women in the Arts' Blog (på engelsk). 11. september 2009. Arkivert frå originalen 21. april 2017. Henta 20. april 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Collection: Ida Kohlmeyer papers | Archives and Special Collections at Tulane University». archives.tulane.edu. Henta 8. november 2020. 
  4. «Ida Kohlmeyer». www.knowla.org. Arkivert frå originalen 7. oktober 2016. Henta 3 March 2016. 
  5. Marter, Joan M., and Gwen Finkel Chanzit (2016). Women of Abstract Expressionism. Denver: Denver Art Museum. s. 182. ISBN 978-0-300-20842-9. 
  6. «Ida Kohlmeyer: 100th Anniversary Highlights | New Orleans Museum of Art». New Orleans Museum of Art (på engelsk). Henta 20. april 2017.