Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Илчо Наумоски Iltsjo Naumoski | ||
Fødd | 29. juli 1983 | ||
Fødestad | Prilep i Jugoslavia | ||
Høgd | 191 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Mattersburg | ||
Nummer | 24 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1993-95 1995-2000 2000-01 |
ASC Korneuburg Rapid Wien SV Stockerau | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2001-02 2002-04 2004 2005 2005- |
Klingenbach Grazer AK Malatyaspor Catania Mattersburg |
- 22 (8) 3 (0) 0 (0) 139 (39) | |
Landslag | |||
2003- | Makedonia | 35 (7) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2010 |
Iltsjo Naumoski (fødd 29. juli 1983 i Prilep i Makedonia) er ein makedonsk fotballspelar. Han har spela for Mattersburg i den austerrikske toppdivisjonen, og for det makedonske fotballandslaget.
Naumoski vart fødd i Makedonia, men begynte å spela fotball som tiåring i Korneuburg i Austerrike. I 2002 vart han toppskårar i regionalliga aust hjå ASK Klingenbach. Etter dette gjekk han til Grazer AK. Etter to relativt vellukka år der, og ein konflikt med trenaren, gjekk han i 2004 til den tyrkiske toppserieklubben Malatyaspor, der han berre spelte i tre månader. Etter tre kampar i Tyrkia gjekk han i januar 2005 vidare til Catania i italiensk Serie B, men fekk ingen kampar der. Frå starten av 2005/06-sesongen har han spelt for Mattersburg i Austerrike.
Naumoski var med på å vinna både cupen og serien med Grazer AK i 2004. I både 2006 og 2007 var han med på å nå den austerrikske cupfinalen med Mattersburg.
Frå 2003 spelte Naumoski òg for det makedonske landslaget.