Ingolf Mork | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. juni 1947 Molde kommune |
Død |
1. februar 2012 (64 år) |
Yrke | skihoppar |
Høgd | 177 centimeter |
Ingolf Mork (4. juni 1947–1. februar 2012) i Molde var ein norsk skihoppar, tenestemann og gardbrukar frå Molde. I unge år tevla han for Idrettslaget Hjelset-Fram, seinare for Ski- og fotballklubben Lyn. Hans største bragd var samanlagtsigeren i den tysk-austerrikske hoppveka i 1972. Likevel imponerte han meir i hoppveka året før, då han vann tre av dei fire renna. Men sidan han fall i eit av hoppa i Innsbruck enda han på andreplassen samanlagt. Han vart noregsmeister i normalbakken både i 1971 og 1972.
Mork studerte på Norges idrettshøgskole i Oslo på 1970-talet. Sidan arbeidde han mange år i kultur- og idrettsetaten i Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter han slutta i fylkeskommunen dreiv han som sauebonde på Hjelset.
Mork vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1973, samstundes med Franz Keller frå Vest-Tyskland og Einar Bergsland. Etter den sesongen la han opp.