Inírida | |||
elv | |||
Land | Colombia | ||
---|---|---|---|
Fylke | Guainía-departementet | ||
Munning | Guaviare | ||
Inírida 3°54′30″N 67°55′00″W / 3.9083333333333°N 67.916666666667°W | |||
Kart som viser Inírida.
| |||
Wikimedia Commons: Inírida River |
Inírida er den største sideelva til elva Guaviare i den kolombianske delen av Orinoco-bassenget.
Lengda på elva er ca. 1 300 kilometer, dei nedste 1000 km er farbare for små fartøy. Det er stryk og fossefall i den øvre og midtre delen av elva. Elva har ei mørk vassfarge på grunn av overflod av planterestar.
Ho har opphavet sitt i Tuhani-fjella i Guaviare-departementet, 25 kilometer frå Cerro Pintado. I det øvre løpet flyter ho først mot vest, deretter svingar ho mot aust, på sletta flyt ho i nordaustleg retning. Elvemunninga ligg i Guainía-departementet, nær byen Inírida, omtrent 25 kilometer frå grensa til Venezuela. Elva Guaviare tar vatn frå Inírida, renn deretter nordaust i 25 kilometer, og saman med Atabapo-elva flyt dei inn i Orinoco nær den venezuelanske byen San Fernando de Atabapo.