It Doesn't Matter Anymore Singel av Buddy Holly frå albumet The Buddy Holly Story | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 5. januar 1959 | |
Innspelt | 21. oktober 1958, Decca Studios i Pythian Temple i New York | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:01 | |
Selskap | Coral Records 9-62074 | |
Låtskrivar(ar) | Paul Anka | |
Buddy Holly-kronologi | ||
«Heartbeat» (1958) |
It Doesn't Matter Anymore | «Peggy Sue Got Married» (1959)
|
«It Doesn't Matter Anymore» er ein popballade skriven av Paul Anka og spelt inn av Buddy Holly i 1958. Songen nådde 13. plassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1959, kort tid etter Holly omkom i ein flystyrt den 3. februar 1959. Den andre sida av singelen var «Raining in My Heart». «It Doesn't Matter Anymore» var den siste topp 20-hitten til Holly i USA og vart spelt inn med orkester av Dick Jacobs. Han vart òg ein suksess i Storbritannia, der han vart den første posthume singelen som gjekk til topps på singellista i landet. Songen vart spelt inn i midten av oktober 1958 i New York City. Paul Anka skreiv songen spesifikt for Holly. Han donerte honorara frå songen til kona til Holly. Han sa: «'It Doesn't Matter Anymore' har ein tragisk ironi ved seg no, men han vil i det minste vere til litt støtte for familien til Buddy Holly. Eg gjev låtskrivarhonorara mine til enka - det er det minste eg kan gjere.»
Songen er blitt spelt av mange andre artistar, og størst suksess fekk den New Zealand-fødde songaren Mark Williams med songen i 1977, då songen gjekk heilt til topps på singellista i USA.
I Storbritannia nådde songen toppen av slista den 24. april 1959 og låg der i tre veker. Dette vart dermed den første posthume utgjevinga som gjekk til topps på den britiske singellista.[1] Holly fortsette å ha suksess på salslistene i Storbritannia godt inn i 1960-åra. I USA nådde singelen 13. plassen på Billboard Hot 100-lista. Det var den siste singelen til Holly på Topp 20 i USA.
It Doesn't Matter Anymore Singel av Mark Williams frå albumet Taking It All In Stride | ||
B-side |
«True Love (Is Never Easy)» | |
---|---|---|
Utgjeve | April 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Studio | EMI Studios, Wellington, New Zealand | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:42 | |
Selskap | EMI Music | |
Låtskrivar(ar) | Paul Anka | |
Produsent | Alan Galbraith | |
Mark Williams-kronologi | ||
«Taking It All in Stride» (1976) |
It Doesn't Matter Anymore | «A House for Sale» (1977)
|
«It Doesn't Matter Anymore» vart spelt inn av den New Zealand-fødde songaren Mark Williams. Songen kom ut i april 1977 som den andre singelen frå det tredje albumet hans, Taking It All In Stride (1977). Songen gjekk til topps på den newzealandske singellista og var den bestseljande singelen av ein newzealandsk artist i New Zealand i 1977.
Side A: «It Doesn't Matter Anymore»
Side B: «True Love (Is Never Easy)»
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
New Zealand (RIANZ)[2] | 1 |
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
New Zealand (Recorded Music NZ)[3] | 6 |
New Zealand Artist (Recorded Music NZ)[3] | 1 |