Jesse Edwin Davis | |||
Fødd | 21. september 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norman | ||
Død | 22. juni 1988 (43 år) | ||
Dødsstad | Venice i Los Angeles i California | ||
Fødenamn | Jesse Edwin Davis III | ||
Aktiv | 1950- til 1980-åra | ||
Sjanger | Rock, blues | ||
Instrument | Elektrisk gitar, slidegitar | ||
Tilknytte artistar | Taj Mahal, Gene Clark, John Lennon, Leonard Cohen, George Harrison, Jackson Browne, John Lee Hooker | ||
Plateselskap | Atco | ||
Verka som | Studiomusikar | ||
Far | Jesse Edwin Davis II |
Jesse Edwin Davis (21. september 1944–22. juni 1988) var ein amerikansk gitarist av urfolksopphav som vart mykje nytta som studiomusikar.[1] His death in 1988 was attributed to a drug overdose.[2]
Davis var fødd i Norman i Oklahoma som son av Jesse Edwin (Bus) Davis II, som var av comanche-, seminole- og muscogee- (creek) opphav, og Vivian Mae (Bea) Saunkeah, som var kiowa.[3][4] [5][6]
Davis spelte med Taj Mahal og spelte gitar og piano på dei tre første albuma hans. Etter Mahal byrja Davis som studiomusikar for David Cassidy, Albert King, Willie Nelson og andre. I 1971 spelte han inn det første soloalbumet sitt, Jesse Davis (1971), med korvokal av Gram Parsons og hjelp av Leon Russell og Eric Clapton, blant fleire.
Davis var nær ven med Gene Clark. I 1971 spelte han på det andre soloalbumet til Clark, White Light, og spelte sologitar på Clark sitt No Other i 1974. På debutplata til Jackson Browne i 1972, spelte han soloen på «Doctor My Eyes». Etter å ha spelt med Russell på Bob Dylan-singelen «Watching the River Flow» i 1971, spelte Davis med George Harrison, mellom anna på Concert for Bangla Desh i 1971 i lag med med Ringo Starr, Billy Preston, Russell, Keltner, Clapton og andre.[7]
Han spelte inn to soloalbum til i 1972, Ululu, og i 1973 med Keep Me Comin. Kring same tid byrja Davis å arbeide med John Lennon, og spelte sologitar på albuma Walls and Bridges (1974) og Rock 'n' Roll (1975). I tillegg var Davis gjesteartist på andre album av tidlegare Beatles-medlemmar, som Harrison sitt Extra Texture (1975) og Starr sitt Goodnight Vienna (1974) og Ringo's Rotogravure (1976).
Seint på sommaren og hausten 1975 spelte han med Faces som andregitarist på den siste amerikanske turneen deira.
Davis fortsette arbeidet som studiomusikar og spelte på album av Eric Clapton, Rod Stewart, Keith Moon, Steve Miller, Guthrie Thomas, Harry Nilsson, Ry Cooder, Neil Diamond, Rick Danko, Van Dyke Parks og andre. Han spelte på Leonard Cohen sitt Death of a Ladies' Man (1977).
I 1977 flytta han til Hawaii, men kom attende til Los Angeles i 1981 med eit alkohol- og narkotikaproblem. Det meste av 1980-åra var han inn og ut av rehabiliteringsklinikkar. 22. juni 1988 omkom Davis av ein narkotikaoverdose.[8] Han vart 43 år gammal.
I 2002 vart han posthumt innlemma i Oklahoma Jazz Hall of Fame.