«Jezebel» Song av The Rasmus | ||
![]() | ||
Land | Finland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 18. januar 2022 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 03:10 | |
Selskap | Playground Music | |
Komponist | Lauri Ylönen, Desmond Child | |
Tekstforfattar | Lauri Ylönen, Desmond Child | |
Låtskrivar(ar) | Lauri Ylönen, Desmond Child |
---|
«Jezebel» er ein song frå 2022 med den finske rockegruppa The Rasmus. Låten vart gjeven ut 18. januar 2022 og er skriven av vokalisten i bandet Lauri Ylönen, saman med den mangeårige produsenten til The Rasmus, Desmond Child.[1] Songen vann songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest, og var dimed det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022.[2]
Låtskrivaren Ylönen har forklart at songen «handlar om ei jente som tek det ho vil ha, utan å spørje, som ei fri sjel».[3] Det er også ei hylling til «sterke kvinner, som er stolte over kroppen sin, bestemmer over eigen sensualitet og seksualitet, og som er fast bestemt på å vere likeverdige».[3] Songtittelen viser til Jesabel, ein bibelsk skikkelse som var dronninga av Israel.[4]
The Rasmus hadde lenge hatt planar om å delta i Uuden Musiikin Kilpailu, det finske svaret på Melodi Grand Prix, men gruppa meinte dei ikkje hadde riktig låt. Foran 2022-tevlinga, kom dei i kontakt med den amerikanske musikkprodusenten og musikaren Desmond Child. The Rasmus har tidlegare jobba med Child på 2008-albumet Black Roses, og dei kalla det «rått» å få jobbe saman med han igjen. «Han veit å setje saman ein hitsong», sa bandet ved utgjevinga av songen.[3]
«Jezebel» var ein av deltakarlåtane i Uuden Musiikin Kilpailu 2022, der han vann ein klår siger. Som vinnar av tevlinga vart han det finske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[2] «Jezebel» deltok på og opna den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022. Han gjekk til finalen, og vart nummer 21 av 25 med 38 poeng.[5]
Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() |
4 |
![]() |
24 |
![]() |
34 |
![]() |
7 |
![]() |
5 |