Jimmy Deuchar | |||
Fødd | 26. juni 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dundee | ||
Død | 9. september 1993 (63 år) | ||
Dødsstad | Dundee | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trompet, Flygelhorn | ||
Verka som | trompetist, jazzmusikar, orkesterleiar, komponist |
James Deuchar (26. juni 1930–9. september 1993)[1] var ein skotsk jazztrompettist og storbandarrangør som var fødd i Dundee i Skotland.[1] Han blei kjent som artist og arrangør på 1950- og 1960-talet. Deuchar fekk trompetundervising av John Lynch, som hadde lært å spela trompet som soldat i den fyrste verdskrigen, og som seinare var Director of Brass Music for Dundee.
Etter å ha gjort teneste i National Service i Padgate i Warrington i England, arbeidde Deuchar med den britiske moderne jazzgruppa Johnny Dankworth Seven.[1] På 1950-talet spelte han med ei rekkje kommersielle band, som Oscar Rabin Band, og også ein del med Ronnie Scott.[1] På slutten av 1950-talet var han med i Kurt Edelhagens orkester i Tyskland.[1]
Han vende tilbake til Storbritannia og arbeidde med Scott igjen (1960-62) og så med Tubby Hayes (1962-66).[1] Som ein svært gåverik musikar og ein av dei fremste eksponentar for den «moderne» stilen var han etterspurd, og oppnådde suksess som turnerande musikar i Europa og USA. Han spelte òg med dei fremste amerikanske spelarane på Ronnie Scott's Jazz Club då musikalske utvekslingar blei liberaliserte på byrjinga av 1960-talet.
Deuchar vendte tilbake til Edelhagen i 1966. På 1960-talet og tidleg på 1970-talet arbeidde han òg med The Kenny Clarke-Francy Boland Big Band, med leiande europeiske og amerikanske musikarar.[1] Kring 1971 drog han tilbake til London att, der han arbeidde freelance, og kom så heim att til Dundee på midten av 1970-talet. Han heldt fram med å arrangera, spela og gjeste i ei rekkje settingar, inkludert BBC Big Band i London og BBC Scottish Radio Orchestra i Glasgow, til helsa hans forverra seg.[1]
Han døydde i 1993, 63 år gammal.[2]
Med Victor Feldman
Med Tubby Hayes
Med Kenny Clarke/Francy Boland Big Band
Med andre