Joachim Gotsche Giæver | |||
| |||
Fødd | 15. august 1856 Lyngen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mai 1925 Chicago | ||
Nasjonalitet | Noreg, USA | ||
Yrke | arkitekt, sivilingeniør | ||
Alma mater | Trondhjems Tekniske Læreanstalt |
Joachim Gotsche Giæver (15. august 1856–29. mai 1925) var ein norsk-amerikansk bygningsingeniør, som er kjend for å ha bygd fleire skyskraparar og bruer i Dei amerikanske sambandsstatane.[1] Han var mellom anna ansvarleg for å reisa den berande konstruksjonen til Fridomsgudinna i New York. Han vart fødd i bygda Jøvik i Troms, og studerte i Trondheim.[1]
Giæver utvandre til USA i 1882, der han blei teknisk teiknar (draftsman) ved jernbaneselskapet Northern Pacific i St. Paul i Minnesota. Eit år seinare flytta han til Pittsburgh i Pennsylvania, der han blei tilsett ved Schiffer Bridge Company. I 1884 blei han overingeniør (chief engineer) ved føretaket.[2]
I 1891 var Giæver teknisk nestleiar ved World's Columbian Exposition i Chicago. Han stod mellom anna bak hovudbygningen ved utstillinga, The Manufactures and Liberal Arts Building.[1] Han var med på å utvikla H-bjelken, ein viktig del av moderne konstruksjon.[1]
Frå 1898 til 1915 var han sjefsingeniør for D. H. Burnham & Company i Chicago.[3][4] I 1916 gjekk han saman med Frederick P. Dinkelberg i firmaet Giaver and Dinkelberg, som mellom anna teikna bygningen 35 East Wacker Drive, «Jewelers building», den største bygningen i Amerika som ikkje sto i New York.[5]
Giæver konstruerte også kuppelen til Hooker-teleskopet i California, det største teleskopet i verda til då.[1]
I 1922 blei han gjeven St. Olavs Orden av kong Haakon.[1]