Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering

Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering var ei norsk regjering som sat frå 1928 til 1931, leia av Johan Ludwig Mowinckel. Regjeringa tiltredde 15. februar 1928, og avløyste då regjeringa Hornsrud. Ho var ei rein venstreregjering. Regjeringa gjekk av 12. mai 1931, då regjeringa Kolstad tok over.[1]

Statsrådpost Statsråd Periode[a] Parti
Statsminister Johan Ludwig Mowinckel Venstre
Utanriksminister Johan Ludwig Mowinckel Venstre
Forsvarsminister Torgeir Anderssen-Rysst Venstre
Finansminister Per Lund Venstre
Handelsminister Lars Oftedal Venstre
Arbeidsminister Ole Monsen Mjelde Venstre
Justisminister Haakon Martin Evjenth Til 21. november 1930 Venstre
Arne Sunde Frå 21. november 1930 Venstre
Sosialminister Torjus Værland Venstre
Landbruksminister Hans J. Aarstad Venstre
Kyrkje- og undervisingsminister Sigvald Hasund Venstre
  1. Viss ikkje anna er sagt, så er perioden 15. februar 1928–12. mai 1931
  1. «Johan Mowinckels andre regjering». regjeringen.no. Henta 22. mai 2023.