John Curulewski | |||
| |||
Fødd | 3. oktober 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i USA | ||
Død | 13. februar 1988 (37 år) | ||
Dødsstad | Midlothian | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1968–1975 | ||
Sjanger | Rock, progressiv rock, hardrock | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Styx, Spread Eagle, Arctic Fox | ||
Plateselskap | Wooden Nickel, A&M | ||
Verka som | Musikar |
John Curulewski (3. oktober 1950–13. februar 1988) var ein USA-amerikansk musikar som var originalt medlem i rockegruppa Styx.
I 1969 vart Curulewski med i det Chicago-baserte bandet TW4, med venene Dennis DeYoung, Chuck Panozzo og John Panozzo. Gruppa utvikla seg til å bli Styx innan 1972.[1] Curulewski spelte gitar og stundom song på dei første fem studioalbuma deira frå 1972 til 1975.[2] Like etter innspelinga av albumet Equinox i 1975, slutta Curulewski i Styx for å bruke meir tid med familien, og vart erstatta av Tommy Shaw.[3]
Etter karrieren med Styx vart Curulewski gitarlærar i Chicago-området og spelte stundom med lokale band. Han døydde 13. februar 1988 av ein hjerneaneurisme. Han etterlet seg kone og ein son.[4]