John Stephen French | |||
| |||
Fødd | 29. september 1949 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Bernardino i California | ||
Fødenamn | John Stephen French | ||
Alias | Drumbo | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1964 til i dag | ||
Sjanger | Rock, alternativ, progressiv jazz, eksperimentell musikk | ||
Instrument | Vokalist, trommer, munnspel, gitar | ||
Tilknytte artistar | Captain Beefheart, Magic Band, Frank Zappa, French Frith Kaiser Thompson | ||
Plateselskap | Proper | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, musikalsk leiar |
John Stephen French (fødd 29. september 1948) er ein amerikansk trommeslagar og musikar. Han spelte på Captain Beefheart sitt Trout Mask Replica og forskjellige andre Beefheart-innspelingar. Beefheart kalla han Drumbo. Under Trout Mask Replica-innspelinga transkriberte French dei musikalske ideane Beefheart spelte for han på piano for resten av bandet.
French kom med i the Magic Band seint i 1966, då han erstatta Paul Blakely.[1] Han spelte på Safe as Milk (1967), Strictly Personal (1968) og Mirror Man (1968, men ikkje gjeve ut før 1971). Kort tid før Trout Mask Replica var ferdig, vart French kasta ut av bandet. French vart ikkje oppført på omslaget til Trout Mask Replica. French vart invitert attende kort tid etter og spelte på dei kritikarroste albuma Lick My Decals Off, Baby og The Spotlight Kid, der han spelte perkusjon i lag med Art Tripp. Seint i 1972 slutta han igjen i bandet. I 1976 var han igjen med i bandet og spelte på Bat Chain Puller, som på grunn av søksmål om opphavsrett ikkje vart gjeve ut før i 2012.
Andre band og artistar French har arbeidd med er Mallard og French Frith Kaiser Thompson[2].