John King Davis | |||
| |||
Fødd | 19. februar 1884 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kew i Surrey i England | ||
Død | 8. mai 1967 (83 år) | ||
Dødsstad | Toorak i Melbourne i Australia | ||
Yrke | Oppdagar, navigatør Kaptein på «Aurora» | ||
Rang | kaptein i forsvaret | ||
Eining | marine |
John King Davis (19. februar 1884–8. mai 1967) var ein engelskfødd australsk oppdagar og navigatør, kjend for arbeidet sitt som kaptein på ekspedisjonsskip i antarktiske farvatn så vel som for etableringa av meteorologiske stasjonar på Macquarieøya i Sørishavet og på Willisøya i Korallhavet.
Davis avslutta utdanninga si ved Colet Court, London og ved Burford School i Oxfordshire i 1900, då han og faren hans forlét London til fordel for Cape Town i Sør-Afrika.[1]
I 1908–1909 var Davis overstyrmann på «Nimrod» under den antarktiske ekspedisjonen til Ernest Henry Shackleton. Han var òg kaptein på «Aurora» og nestkommandarende på den australasiatiske ekspedisjonen til Douglas Mawson i 1911–1914.[2]
Ved utbrotet av første verdskrigen i august 1914 meldte Davis seg til aktiv teneste, og vart ansvarleg for transport av troppar og hestar til Egypt og England.[3]
Han teenestegjorde òg som kaptein for «Discovery» under British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition i 1929–1930. Davis var Commonwealth Director of Navigation i Australia frå 1920 til 1949, og det var i byrjinga av denne perioden at han meldte seg frivillig til personleg å sette opp den eksterne meteorologiske stasjonen på Willisøya i 1921–1922.
Davis var president i Royal Society of Victoria i perioden 1945–1946, i tillegg til at han var medlem i Royal Geographical Society. Davisbasen i Antarktis, etablert i 1957, er kalla opp etter han. Han vart òg utnemnd til Commander of the British Empire (CBE).