Ján Čapkovič | |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia, Slovakia |
Fødd | 11. januar 1948 (76 år) Bratislava |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1970 |
Ján Čapkovič (fødd 1. november 1948) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar frå Bratislava som i 1969 var med om å vinne cupvinnarcupen i fotball med Slovan Bratislava. Angrepsspelaren deltok i 20 landskampar for Tsjekkoslovakia. Også tvillingbroren Jozef Čapkovič spelte landskampar for Tsjekkoslovakia.
Ján Čapkovič spelte på Slovan Bratislava frå 1967 til -77. Laget vann den tsjekkoslovakiske cupen i 1968 og tok seg sesongen etter heilt til finalen i den europeiske cupvinnarcupen. På St. Jakob-stadion i Basel den 21. mai 1969 skåra Čapkovič lagets tredje mål då Slovan vann 3-2 mot FC Barcelona i ein underhaldande kamp. Dei komande åra frå 1970 til 1975 sanka Čapkovič og Slovan Bratislava fire tsjekkoslovakiske meistertitlar og triumferte i tre slovakiske cupturneringar. Tida 1977-83 var Čapkovič aktiv på ČH Bratislava.
Čapkovič spelte 20 landskampar i åra frå 1968 til 1974, skåra seks mål. I oktober 1968 var han med i det mannskapet Tsjekkoslovakia brukte under Sommar-OL 1968 i Mexico. Han deltok i den siste VM-kampen til Tsjekkoslovakia i VM i fotball 1970.