Karin Singstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. desember 1958 (65 år) Trondheim |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 1988 |
Karin Irene Singstad Vidal (fødd 29. desember 1958) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim som vann OL-sølv i 1988 og VM-bronse i 1986. Linjespelaren var aktiv på Sverresborg Idrettsforening gjennom heile 1980-talet.
Singstad deltok frå landslagsdebuten i oktober 1984 i 83 landskampar og skåra 33 mål. Ho var med då Noreg overraska med å vinne bronse under Handball-VM 1986 i Nederland. To år seinare fekk ho ein sølvmedalje under Sommar-OL 1988 i Seoul. Singstad opptredde i landslagdrakta siste gongane i september 1989.