Karine Polwart | |||
| |||
Fødd | 23. desember 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Banknock | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2000– | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar, musikar |
Karine Polwart (fødd 23. desember 1970) er ein skotsk singer-songwriter. Ho skriv hovudsakleg songar i folkemusikksjangeren, ofte med politiske tema. Polwart er mest kjend som soloartist, med tre utmerkingar på BBC Folk Awards 2005. Ho har vore medlem av gruppene Malinky, Battlefield Band og skotsk-kanadiske The Burns Unit. Ho har òg samarbeidd med The Fruit Tree Foundation.
Polwart voks opp i byen Banknock i sentrale Skottland. Ho kjem frå ein musikalsk familie; broren Steven speler gitar i bandet hennar, og systera Kerry er medlem i gruppa The Poems. Ho studerte filosofi og statsvitskap ved University of Dundee og studerte seinare til mastergrad i filosofi i Glasgow.
Etter avslutta eksamen arbeidde Polwart som filosofilærar og deretter for Scottish Women's Aid, med spørsmål kring mishandling i heimen, barnemishandling og ungdomsretter. Dette kom til å påverka den seinare låtskrivinga hennar.
Polwart slo gjennom som songar i folkemusikkgruppa Malinky. Ho blei profesjonell musikar etter at gruppa hadde suksess med det fyrste albumet sitt, Last Leaves, i 2000. Etter å ha sunge i Malinky, macAlias og Battlefield Band og medverka i prosjektet The Complete Songs of Robert Burns byrja ho ein solokarriere. Det fyrste soloalbum hennar, Faultlines, kom ut i 2003 og vann pris for Beste album og dessutan i to kategoriar til ved BBC Radio 2. Folk Awards 2005. Dette gav henne auka gjennomslag i breiare musikkrinsar i Storbritannia.
Frå 2007 til 2012 var Polwart medlem av The Burns Unit. Ho har òg samarbeidd med The Fruit Tree Foundation på det fyrste albumet deira.