Khirbet Ghazaleh | |||
خربة غزالة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Khirbet Ghazaleh | ||
Koordinatar | 32°44′N 36°12′E / 32.733°N 36.200°E | ||
Folketal | 16 240 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Khirbet Ghazaleh 32°44′00″N 36°12′00″E / 32.73333333°N 36.2°E | |||
Kart som viser Khirbet Ghazaleh.
| |||
Wikimedia Commons: Khirbet Ghazaleh |
Khirbet Ghazaleh (arabisk خربة غزالة, òg skrive Khirbet Ghazalah) er ein by i Daraa guvernement, kring 17 kilometer nordaust for Daraa ved Da'el i vest og nær Izra' i nord. Han ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Amman. I 2004 talte Statistisk sentralbyrå i Syria 16 240 innbyggjarar i Khirbet Ghazaleh.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Innbyggjarane i Khirbet Ghazaleh deltok i demonstrasjonane mot dei syriske styresmaktene og tok imot Den frie syriske armeen (FSA) til opposisjonen under opprøra i 2011-2012.[treng kjelde] Den 14. november 2011 etter eit åtak frå FSA mot ein buss som førte tryggingspoliti, gjekk den syriske hæren til væpna åtak mot byen og 20 FSA-medlemmar, lokale soldatar og sivile mista livet. I følgje opposisjonsaktivistar i Khirbet Ghazaleh støytte FSA saman med den syriske hæren medan beduinar frå kringliggande landsbyar kom for å hjelpe innbyggjarane i byen.[3]
Den 18. mars 2012 øydela opposisjonssoldatar ein overføring på hovudvegen for å hindre tanks å kome inn i området. Det statseigde Syrian Arab News Agency (SANA) stadfesta bombinga av brua og estimerte kostnaden av øydeleggingane til over $5 million.[4]
Den 8. mai 2013 erobra den syriske armeen byen etter to månader med intens bombing, og fekk kontroll over den internasjonale hovudvegen.[5]