Kirpan er ein dolk eller eit sverd som blir bore av sikhar.[1][2] Ordet kirpān frå panjabi og hindi kjem frå sanskrit kṛpaṇa, som tyder ‘sverd’.[3]
Kirpan er ein av dei fem K-ane i sikhismen, som skal berast av alle innvigde sikhar. Påbodet om dei fem K-ane blei instifta av guru Gobind Singh i 1699.[4] Det religiøse påbodet om å bera våpen kan føra til konflikt i det moderne samfunnet, til dømes i samband med å la unge sikhar bera kirpan på skular.[5]