Kjersti Alveberg | |||
| |||
Fødd | 26. juli 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 18. oktober 2021 (73 år) | ||
Verka som | filmregissør, kunstnerisk leder, koreograf, dansar, ballettmeister, ballettdansar | ||
Prisar | Danseinformasjonens ærespris, Grenseløs kommunikasjon, Oslo bys kulturpris |
Kjersti Alveberg (26. juli 1948–18. oktober 2021) var ein norsk koreograf og dansar fødd i Oslo som vann ei rekkje norske og internasjonale prisar. Gjennom karrieren sin var ho dansar og koreograf i fleire frie dansegrupper, og som dansar arbeidde ho særleg for Det Norske Teatret.
Alveberg debuterte som koreograf ved Den Norske Nasjonalballett i 1975 og fekk særleg merksemd for Nå frå 1984, som ho året etter fekk Ballettkritikarprisen for. Ho fekk også mykje merksemd for den fyrste heilaftans balletten sin, Volven frå 1989. Ballettane til Alveberg inneheld ofte humor. Utdanninga si har ho frå Ballettinstituttet i Oslo og frå New York, Amsterdam, Paris og London. I tillegg er ho cand.mag. frå Universitetet i Oslo.
Kjersti Alveberg har også laga fleire produksjonar for fjernsyn, der den mest kjende nok er Aske, skodde, støv for vinden (1986) som ho året etter fekk Amanda-prisen for. Andre kjende verk ho stod bak var Rav for Carte Blanche til Festspela i Bergen i 1988, og Volven for Operaballetten i 1989.[1] Av seinare arbeid ho gjorde som koreograf kan ein nemne Nett no! på Det Norske Teatret i 2002, Hysj! som vart laga til opninga av Nasjonalbiblioteket i 2005 og @lice for Rikskonsertane i 2008.
I 2005 gav ho ut boka Visjoner – øye på dans, der ho fortel om livet sitt som koreograf.