Knocked Out Loaded Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. juli 1986 | |
Innspelt | April til juni 1986 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:18 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Empire Burlesque (1985) |
Knocked Out Loaded | Down in the Groove (1988)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | (B)[2] |
Entertainment Weekly | B–[3] |
MusicHound | 1.5/5[4] |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Knocked Out Loaded er det 24. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records den 14. juli 1986.
Albumet fekk dårleg kritikk då det kom ut og vert framleis av somme kritikarar rekna som eit av dei dårlegare albuma til Dylan. Den 11 minuttar lange, episke «Brownsville Girl», skriven i lag med Sam Shepard, har likevel vorte omtalt som ein av dei beste songane hans av enkelte kritikarar.[7]
Albumet selde dårleg og nådde 53. plassen i USA, 35. plassen i Storbritannia og niandeplassen i Noreg.
Albumet inneheld tre coverversjonar, tre samarbeid med andre låtskrivarar og to songar av Dylan sjølv. Det meste av albumet vart innspelt våren 1986, men innspelinga eller miksinga av eit av spora, «Got My Mind Made Up», skjedde i juni. Fleire av songane på albumet var baserte på innspelinga frå 1984 og 1985.
Plateomslaget er ei omarbeiding av framsida av Spicy Adventure Stories-utgåva frå januar 1939.
Albumet fekk stort sett negativ kritikk og berre ein nyskriven versjon av eit unytta opptak («New Danville Girl», omdøypt «Brownsville Girl») frå Empire Burlesque-innspelingane fekk positiv omtale. Robert Christgau kalla songen «ein av dei flottaste og mest latterlege av Dylan sine store, latterleg episke songar.»
«Knocked Out Loaded er til sjuande og sist deprimerande», skreiv Anthony DeCurtis i meldinga si for Rolling Stone, «fordi den slurvete karakteren av eit lappverk indikerer at Dylan ikkje gav ut dette albumet fordi han hadde noko særskild å sei, men fordi han skulle få godt betalt på turneen hans i 1986. Enno verre er det at det indikerer at Dylan totalt manglar ei kunstnarisk retning.» I Howard Sounes-boka Down The Highway: The Life Of Bob Dylan vert et skrive at Dylan skal ha sagt «om platene mine berre sel ei viss mengd likevel, kvifor skal eg då bruke lang tid på å setje dei saman?»
Dylan har spelt eit par songar får albumet på konsertane sine: «Driftin' Too Far From Shore», med 14 konsertar (alle utanom ein i 1988), er den mest framførte. Fire songar er aldri spelte på scenen.
I nyare år har albumet fått ein kultstatus blant Dylanfans som meiner albumet er hans minst forståtte verk,[8] men kritikarane er framleis stort sett negative og Rolling Stone kalla det nyleg «den absolutte botnen i karrieren til Dylan».
Albumet vart nymastra og gjeve ut på ny i 2013 som ein del av plateboksen The Complete Albums Collection, Vol. One.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You Wanna Ramble» | Little Junior Parker | 3:14 |
2. | «They Killed Him» | Kris Kristofferson | 4:00 |
3. | «Driftin' Too Far from Shore» | Bob Dylan | 3:39 |
4. | «Precious Memories» | Trad. arr. Bob Dylan | 3:13 |
5. | «Maybe Someday» | Bob Dylan | 3:17 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Brownsville Girl» | Bob Dylan, Sam Shepard | 11:00 |
2. | «Got My Mind Made Up» | Bob Dylan, Tom Petty | 2:53 |
3. | «Under Your Spell» | Bob Dylan, Carole Bayer Sager | 3:58 |