Knut Hauge (31. mai 1911–13. april 1999) var ein norsk gardbrukar og forfattar.
Hauge var fødd i Lomen i Vestre Slidre. Han oppnådde stort sal av bøkene sine og anerkjenning frå litteraturkritikarar. Forfattarskapen vart løna med pristildelingar. Trass i dette vert han mange gonger omtala som ein av dei mest lesne og minst omtala forfattarane i Noreg.
Særleg dei historiske romanane til Hauge nådde ut til ein vid lesarkrins. Romanen Ein roman om kjærleiken og om døden (1976) er mellom dei mest seljande bøker på nynorsk nokonsinne.
- No går det bra! - skodespel (1939)
- Krossen under Torfinshø. Roman frå 1750 åra - roman (1948)
- Verda var atter ung - roman, (1950)
- Helten og brotsmannen - skodespel (1951)
- Andris Eivindson Vang og verket hans. Eit 100-års skrift - biografi (1951)
- Garden i eventyret - skodespel (1954)
- Nymåne over Filefjell - roman (1955)
- Vesle Bill i aktivitet - skodespel (1956)
- Vandring i sommarland - (1959)
- Vestre Slidre sparebank : 1860-1960. Litt om banken og bygda si soge gjennom hundre år - sakprosa (1960, saman med Andris Hamre)
- Møte i grenselandet - skodespel (1960)
- Pekka, elva og eventyret - (1962, illustrert av Borghild Rud)
- Jerven - skodespel (1962)
- Kross og kvitsymre - roman (1965)
- Dei løynde kjeldene. Soga om Ulf Audunsson og Sara Ivarsdotter 1755-1800 - roman (1967)
- Brev fra Rognerud - (1967, utgjveve under pseudonymet Ola)
- Nye brev fra Rognerud - (1968, utgjve under pseudonymet Ola)
- Ulfssønene. Roman frå 1800-1850 - roman (1969)
- Brev frå havet. Tretten noveller om kjærleik - noveller (1970)
- Tidevatn. Roman frå siste delen av 1800-åra - roman (1971)
- Lomen stavkyrkje frå ca. 1200-åra og fram til 1970 - sakprosa (1971)
- Spelemannen Siljufløyt : Per Ulfssons barndom - roman (1973)
- Einsame ulvar : Per Ulfssons ungdom - roman (1975)
- Ein roman om kjærleiken og om døden - roman (1976)
- Juvet. Per Ulfssons mogne år - roman (1978)
- Enno ein vår. Boka om Per Ulfssons seine år - roman (1980)
- Veng og Vale og Siv - noveller (1982)
- Nå blomstre Smiuheggen. Brev fra Rognerud - (1983, illustrert av Gunnar Bratlie)
- For lenge lenge sidan. Stemningar og streif frå ei tid som var (1985, illustrert av Einar Sigstad)
- Vandring i Valdres - (1988, illustrert av Egil Torin Næsheim)
- Prolog til ei svunnen tid. Roman frå 1920-30 åra - roman (1989, illustrert av (Håkon Aasnes)
- Diktardraum. Dagbok 1931-1940 - dagboksnotater (2003). Utgjeve etter at Hauge døydde.