Knut Jørgen Røed Ødegaard | |||
| |||
Fødd | 6. mai 1966 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | astrofysikar | ||
Institusjonar | Institutt for teoretisk astrofysikk | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Anne Mette Sannes | ||
Medlem | Norsk Astronomisk Selskap |
Knut Jørgen Røed Ødegaard (fødd 6. mai 1966) er ein norsk astrofysikar og formidlar av populærvitskap. Han er stipendiat og formidlingsansvarleg ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo og dagleg leiar for verksemda ved Solobservatoriet på Harestua.
Ødegaard har stått sentralt i planlegginga og gjennomføringa av ei rekkje astronomirelaterte arrangement dei seinare åra, som arrangementa i samband med Venuspassasjen i 2005 og solformørkinga i 2004. Han var prosjektleiar for Astrofestivalen i 2001. Ødegaard har vore ein viktig medverkande til barne- og ungdomsprogrammet Newton på NRK1. Med sitt engasjement og breie kunnskapsfelt har han vore med på å auka interessa for astronomi og realfag i Noreg. Han jobbar òg som forfattar og omsetjar, og leia ein periode radioprogrammet Hurum og Ødegaard i Kanal 24 saman med paleontologen Jørn Hurum. I 2004 mottok han prisen Årets kommunikator av Kommunikasjonsforeningen for sin omfattande innsats for formidling av vitskap i massemedia. Mellom 2005 og 2008 var han leiar i Norsk Astronomisk Selskap.
Ødegaard har òg hatt ein gjesteopptreden i ein sketsj som seg sjølv med komikergruppa Team Antonsen i 2006 for NRK.