Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 i Noreg vart avvikla måndag 12. september 2011. I tillegg heldt 195 kommunar vallokala opne sundagen 11. september i heile eller delar av kommunen.[1] Førehandsrøysting tok til onsdag 10. august og kunnne bli gjort fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan Mayen var det mogeleg å røyste frå 1. juli.[N 1]
Det vart vald totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429 kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting.[N 2][N 3] I tillegg skal det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som kommune- og fylkestingsvalet vert arrangert, avviklar Den norske kyrkja kyrkjeval for organa sine.
Dette var lansdsresultatet av kommunestyrevalet per tysdag 13. september klokka 07.15. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta.[2]
Liste | Røyster | %-vis fordeling | Kommune (07) | Storting (09) |
Arbeiderpartiet | 725 395 | 31,6 | 2,0 | -3,7 |
Høgre | 642 887 | 28,0 | 8,8 | 10,9 |
Framstegspartiet | 262 795 | 11,5 | -6,0 | -11,0 |
Senterpartiet | 156 605 | 6,8 | -1,1 | 0,8 |
Venstre | 142 009 | 6,2 | 0,4 | 2,4 |
Kristeleg Folkeparti | 128 596 | 5,6 | -0,7 | 0,3 |
Sosialistisk Venstreparti | 92 704 | 4,0 | -2,0 | -1,8 |
Raudt[3] | 35 005 | 1,5 | -0,2 | 0,4 |
Miljøpartiet dei grøne | 25 999 | 1,1 | +0,4 | +0,8 |
Andre | 83 052 | 3,7 | 0,9 | - |
Dette var lansdsresultatet av fylkestingsvalet per tysdag 13. september klokka 21.35. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta. [2]
Liste | Røyster | %-vis fordeling | Fylke (07) | Storting (09) |
Arbeiderpartiet | 738 458 | 33,2 | 2,4 | -2,2 |
Høgre | 615 246 | 27,7 | 8,9 | 10,4 |
Framstegspartiet | 261 627 | 11,8 | -6,8 | -11,2 |
Senterpartiet | 140 758 | 6,3 | -1,5 | 0,2 |
Venstre | 125 904 | 5,7 | 0,1 | 1,8 |
Kristeleg Folkeparti | 129 051 | 5,8 | -0,9 | 0,3 |
Sosialistisk Venstreparti | 95 703 | 4,3 | -2,2 | -1,9 |
Raudt | 38 239 | 1,7 | -0,3 | 0,4 |
Miljøpartiet dei Grøne | 28 561 | 1,3 | 0,7 | 0,9 |
Pensjonistpartiet | 20 739 | 0,9 | -0,2 | 0,5 |
Kystpartiet | 8 111 | 0,4 | -0,1 | 0,2 |
Demokratane | 5 914 | 0,3 | 0,3 | 0,3 |
Sunnmørslista | 5 716 | 0,3 | 0,0 | 0,3 |
Kristent Samlingsparti | 4 763 | 0,2 | 0,1 | 0,1 |
Byluftlisten | 1 359 | 0,1 | 0,1 | 0,1 |
Noregs Kommunistiske Parti | 1 243 | 0,1 | 0,0 | 0,0 |
Samefolkets parti | 1 233 | 0,1 | 0,0 | 0,1 |
Vestfoldlisten mot bomringer | 844 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Samfunnsdemokratane | 804 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Samfunnspartiet | 286 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Det Liberale Folkepartiet | 247 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
Andre | -0,4 | -0,2 |
Skulevalet vart avvikla 6. september. Etter terroråtaket 22. juli vart partia samde om å ikkje arrangere skulevaldebatt. Debattane vart erstatta med såkalla «valtorg» [2][daud lenkje]. Partia hadde då valbuer i gymsalane på skulane som deltok i valet.
Resultatet av skulevalet vart offentleggjort 6. september: [3] Arkivert 2011-08-19 ved Wayback Machine.
Parti | Skulevalet 2011 (%) | Skulevalet 2009 (%) | Endring |
---|---|---|---|
Arbeiderpartiet | 29.7 | 23.4 | +6.3 |
Sosialistisk Venstreparti | 4.9 | 10.3 | -5.4 |
Raudt | 3.5 | 4.8 | -1.3 |
Senterpartiet | 4.9 | 5.8 | -0.9 |
Kristeleg Folkeparti | 3.6 | 3.7 | -0.1 |
Venstre | 6.8 | 6.0 | +0.8 |
Høgre | 24.3 | 16.2 | +8.1 |
Framstegspartiet | 16.5 | 24.0 | -7.5 |
Norges Kommunistiske Parti | 0.4 | 0.3 | +0.1 |
Miljøpartiet Dei Grøne | 1.4 | 1.3 | +0.1 |
Pensjonistpartiet | 1.5 | 1.2 | +0.3 |
Det Liberale Folkeparti | 0.0 | 0.2 | -0.2 |
Samfunnspartiet | 0.0 | 0.0 | 0.0 |
Kystpartiet | 1.2 | 1.4 | -0.2 |
Samefolkets parti | 0.1 | * | - |
Kristent Samlingsparti | 0.3 | 0.2 | +0.1 |
Sunnmørslista | 0.0 | * | - |
Demokratene | 0.5 | 0.5 | 0.0 |
Vestfoldlisten mot bomring | 0.0 | * | - |
Samfunnsdemokratene | 0.0 | * | - |
Byluft | 0.1 | * | - |
Terroråtaka 22. juli prega valkampen i stor grad. Partia vart samde om å utsetje valkampopninga til 13. august og å avlyse skulevalet.[4] Arbeiderpartiet ynskte å utsetje valkampen ei veke til, til den 21. august, sidan ikkje alle ofra etter 22. juli var gravlagt før det. Dei andre partia hald fast på 13. august, og slik vart det.[4]
Valkampen vart òg karakterisert som roleg.[5]
Meiningsmålingane viste i juni at særleg Høgre gjorde det godt, og enkelte valkommentatorar meinte at det kunne bli «blått» fleirtal i minst 16 av dei 20 største kommunane i Noreg.[6] Meiningsmålingane etter 22. juli viste framgang for Arbeiderpartiet, og at særleg fløypartia (SV og FrP) men også Høgre, gjekk attende samanlikna med målingar i juni 2011.
Ved dette valet skal det gjennomførast to forsøk:
I ti kommunar vil det vere mogeleg å førehandsrøyste over internett. I alt 56 kommunar vart invitert til å delta, og 35 av desse ynskte å delta i prosjektet. Av desse vart Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn og Ålesund og ein bydel i Oslo plukka ut til deltaking.[7] Oslo og Drammen trekte seg seinare med grunngjeving i manglande løyndom rundt røystinga. I staden vart Sandnes tatt inn som forsøkskommune.
For å kunne telje opp røyster frå e-valet trengst det ein elektronisk nøkkel. Denne er delt i ti delar, og det er oppretta ei nøkkelgruppe, der kvart medlem har sin del. Det er eitt medlem frå kvar av ni parti og ein administrativt tilsett. Etter valet må gruppa møtes for at oppteljinga skal kunne starte.[8]
I 20 kommunar vil også 16- og 17-åringer ha stemmerett ved valet i 2011. 143 kommunar søkte om å få delta. Blant desse vart Marker, Lørenskog, Hamar, Vågå, Sigdal, Re, Porsgrunn, Grimstad, Mandal, Gjesdal, Stavanger, Austevoll, Luster, Ålesund, Osen, Namdalseid, Tysfjord, Kåfjord, Hammerfest og Kautokeino plukka ut til å delta, basert på kommunestorleik (innbyggjartal), geografi, politisk samansetjing, lokalisering, alderssamansetjing og politikk for å involvere ungdom.[9] I tillegg vil dette forsøket gjelde valet til Longyearbyen lokalstyre på Svalbard. Valet der ver avvikla i oktober 2011.
Forsøka med direkte ordførarval, som vart gjennomført i enkelte kommunar ved kommunevala frå 1999 til 2007, vert ikkje vidareført ved dette valet. I Nesodden kommune vil det likevel samtidig med kommunevalet bli avvikla rådgjevande folkeavrøysting om kven som bør vere ordførar. Dette har sin bakgrunn i at kommunestyret i 2001 vedtok at «en sak skal legges ut til folkeavstemning dersom minst ti prosent av de stemmeberettigede fremmer skriftlig krav om det». 1474 av innbyggarane i Nesodden har skrive under på eit krav om folkeavrøysting om ordførarvervet. Kommunestyrefleirtalet (A, H, Frp og V) vedtok likevel å ikkje fylgje innbyggjarkravet, men dette vart underkjent av fylkesmannen, etter at mindretalet hadde bedt om lovlegheitskontroll av vedtaket.[10]
Frist for å levere inn listeforslag var 31. mars 2011. Parti som er registrert i Partiregisteret, kunne levere inn liste utan krav om innsamla underskrifter, føresett at dei ved stortingsval (2009) hadde ei oppslutning på minst 500 stemmar i éit fylke eller minst 5000 røystar på landsbasis. For andre fylkeslister måtte listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket. Ved kommunevalet er kravet at det samlast inn ei mengd underskrifter som svarar til minst to prosent av innbyggjartalet med røysterett ved siste kommunestyreval (2007), men minimum like mange som det skal veljast representantar til kommunestyret og maksimum 300 underskrifter.[N 4]
Lista skal innehalde minimum sju kandidatar og maksimum seks kandidatar fleire enn det mengda representantar som skal veljast.
Ved utløp av fristen hadde dei største partia levert inn fylgjande lister:[11]
Parti | 2011 | 2007 | Endring |
---|---|---|---|
Arbeiderpartiet[12] | 417 | 421 | -4 |
Senterpartiet | 393 | 395 | -2 |
Høgre | 379 | 375 | +4 |
Framstegspartiet | 344 | 336 | +8 |
Venstre | 312 | 293 | +19 |
Kristeleg Folkeparti | 299 | 317 | -18 |
Sosialistisk Venstreparti | 284 | 313 | -29 |
Raudt | 80 | 78 | +2 |
Miljøpartiet De Grønne | 51 | 15 | +36 |
Demokratane | 31 | 70 | -39 |
I tillegg kjem felleslister ved kommunevalet og lister til fylkesting og bydelsutval. Dei lokale valstyra hadde frist 1. juni på å godkjenne listene.
På dei innleverte kommune- og fylkeslistene er det i alt 66 383 personar oppført, 3295 færre enn valet i 2007. Det er 210 ulike parti og grupper som stiller lister ved kommunevalet, og 20 parti/grupper ved fylkestingsvalet.
Kjønnsfordelinga på kommunelistene er nokså lik med 2007: 58,2 prosent menn og 41,8 prosent kvinner. På fylkeslistene er kvinnedelen 44,1 prosent. Det er menn på førsteplass på 72,1 prosent av kommunelistene og på 68,8 prosent av fylkeslistene.
Gjennomsnittsalderen til kommunestyrekandidatane er 49 år (kvinner 48 år og menn 50 år) og for fylkestingskandidatane 49 år (kvinner 47 år og menn 50 år). Heller ikkje her er det vesentlege endringar frå 2007.[13]
Ved terroråtaket på AUFs somarleir på Utøya 22. juli vart femten av kandidatane til Arbeiderpartiet drepne. Etter valloven var det ikkje høve til å erstatte desse med andre, men det vart opna for at kommunane/fylka (i samråd med pårørande og partiet lokalt) kunne trykkje nye røystesetlar utan dei aktuelle namna. Dette vart gjort i Porsanger, Sula og Ørsta. Personrøyster på avdøde kandidatar vert uansett ikkje med i valoppgjeret.[14]
Det er stor variasjon i talet lister i dei enkelte kommunane, frå to lister i Utsira, Modalen, Røyrvik, Fosnes, Træna, Røst og Lebesby til heile 15 lister for veljarane i Bergen og Oslo. I Utsira vart Ungdomslista til og med danna på oppfordring frå sittande ordførar, etter at den tidlegare konkurrerande lista ikkje klarte å stille nok kandidatar. Utsira har dermed berre to lister, med begge toppkandidatane som medlem av Arbeiderpartiet.[15]
Tabellen viser kor mange reine lister partia har i dei ulike fylka. Kolonnen «Komm andre» viser kor mange kommunar som har ei eller fleire lister som høyrer inn under kategorien «Andre». For Oslo er bydelslistene tatt med.
Tal kommunar | A | SV | R | Sp | KrF | V | H | Frp | Dem | MdG | P | KSP | Kyst | NKP | Andre | Totalt | Komm andre | ||
00 | Fylkesting | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 18 | 17 | 18 | 13 | 14 | 18 | 7 | 6 | 237 | 6 |
01 | Østfold | 18 | 18 | 11 | 4 | 17 | 17 | 15 | 17 | 17 | 2 | 3 | 5 | 2 | 1 | 0 | 4 | 133 | 3 |
02 | Akershus | 22 | 22 | 22 | 13 | 22 | 21 | 22 | 22 | 22 | 1 | 8 | 7 | 0 | 0 | 0 | 4 | 186 | 4 |
03 | Oslo + bydelar | 16 | 16 | 16 | 16 | 14 | 16 | 16 | 16 | 16 | 1 | 16 | 5 | 1 | 1 | 1 | 1 | 152 | 1 |
04 | Hedmark | 22 | 22 | 20 | 1 | 21 | 9 | 16 | 17 | 16 | 1 | 4 | 8 | 0 | 0 | 0 | 12 | 147 | 12 |
05 | Oppland | 26 | 26 | 17 | 3 | 25 | 9 | 13 | 21 | 16 | 0 | 3 | 3 | 0 | 0 | 0 | 16 | 152 | 13 |
06 | Buskerud | 21 | 21 | 13 | 6 | 18 | 16 | 15 | 20 | 20 | 1 | 3 | 1 | 0 | 0 | 0 | 7 | 141 | 6 |
07 | Vestfold | 14 | 14 | 11 | 5 | 14 | 12 | 14 | 13 | 13 | 0 | 3 | 1 | 2 | 3 | 0 | 6 | 111 | 5 |
08 | Telemark | 18 | 18 | 11 | 4 | 18 | 16 | 13 | 15 | 14 | 1 | 3 | 1 | 0 | 0 | 0 | 4 | 118 | 4 |
09 | Aust-Agder | 15 | 15 | 4 | 1 | 15 | 13 | 12 | 14 | 13 | 0 | 1 | 3 | 0 | 1 | 0 | 6 | 98 | 5 |
10 | Vest-Agder | 15 | 15 | 7 | 1 | 15 | 14 | 12 | 15 | 13 | 7 | 2 | 5 | 0 | 0 | 0 | 6 | 112 | 5 |
11 | Rogaland | 26 | 24 | 19 | 5 | 24 | 24 | 20 | 24 | 24 | 2 | 5 | 5 | 3 | 1 | 0 | 7 | 187 | 5 |
12 | Hordaland | 33 | 31 | 16 | 14 | 29 | 28 | 27 | 32 | 26 | 5 | 6 | 1 | 1 | 3 | 1 | 16 | 236 | 14 |
14 | Sogn og Fjordane | 26 | 26 | 19 | 2 | 26 | 19 | 23 | 26 | 14 | 0 | 1 | 0 | 0 | 2 | 0 | 6 | 164 | 6 |
15 | Møre og Romsdal | 36 | 35 | 20 | 3 | 33 | 31 | 31 | 35 | 35 | 3 | 1 | 1 | 2 | 1 | 0 | 13 | 244 | 12 |
16 | Sør-Trøndelag | 25 | 23 | 16 | 2 | 22 | 18 | 16 | 23 | 19 | 4 | 3 | 4 | 1 | 1 | 1 | 19 | 172 | 12 |
17 | Nord-Trøndelag | 23 | 23 | 17 | 2 | 21 | 14 | 20 | 16 | 15 | 1 | 2 | 0 | 0 | 0 | 0 | 8 | 139 | 7 |
18 | Nordland | 44 | 41 | 29 | 11 | 37 | 22 | 21 | 28 | 34 | 0 | 4 | 1 | 0 | 6 | 0 | 35 | 269 | 22 |
19 | Troms | 25 | 24 | 17 | 3 | 22 | 9 | 12 | 20 | 19 | 0 | 2 | 0 | 0 | 9 | 2 | 14 | 153 | 12 |
20 | Finnmark | 19 | 19 | 12 | 0 | 11 | 5 | 8 | 18 | 13 | 0 | 0 | 0 | 0 | 4 | 0 | 17 | 107 | 9 |
99 | Landet | 462 | 451 | 315 | 114 | 422 | 331 | 344 | 410 | 377 | 46 | 88 | 64 | 26 | 51 | 12 | 207 | 3258 | 163 |
I Aust-Agder fylke vart det samtidig med valet avviklast rådgjevande folkeavrøystning over eit framlegg om å slå saman dei to Agder-fylka.[N 5] Tidleg oppteljing indikerte at mellom 65 og 70 prosent i Aust-Agder røyta nei til fylkessamanslåing. Samtidig var det fleirtal i kommunane Lillesand, Birkenes og Iveland i spørsmålet om overgang frå Aust-Agder til Vest-Agder.[16]