Kurt Wintgens | |||
![]() | |||
Fødd | 1. august 1894 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Prudnik | ||
Død | 25. september 1916 | ||
Dødsstad | Villers-Carbonnel | ||
Rang | løytnant | ||
Eining | Luftstreitkräfte | ||
Konfliktar | den fyrste verdskrigen |
Kurt Wintgens (1. august 1894–25. september 1916) var eit tysk flygaress frå Den fyrste verdskrigen. Han var den første militære jagarflygaren som skaut ned eit møtande fly væpna med eit synkronisert maskingevær. Wintgens blei heidra med Jernkrossen og Pour le Mérite.
Wintgens vart fødd inn i ein militær familie i Neustadt i Oberschlesien (dagens Prudnik i Polen).[1] Militærtenesta hans byrja då han gjekk inn i Telegraphen-Bataillon Nr. 2 i Frankfurt/Oder som fahnenjunker i 1913.[2]