Labweh اللبوة | |||
Laboue, Labwe, Al-Labweh | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beqaa guvernement | ||
Distrikt | Baalbek distrikt | ||
Koordinatar | 34°11′50″N 36°21′09″E / 34.197317°N 36.352392°E | ||
![]() Labweh 34°11′50″N 36°21′09″E / 34.197317°N 36.352392°E | |||
Wikimedia Commons: Labweh |
Labweh er ein landsby som ligg 950 meter over havet ved foten av Anti-Libanonfjella i Baalbek distrikt i Libanon.[1][2]
Labweh har vore busett sidan yngre steinalder, sidan minst det 7. tusenåret fvt. Ein trur at egyptarane kalla staden Lab'u, assyrarane Laba'u og hebrearane Lebo-hamath.[3] Dette har vore knytt til Hamath som er nemnt i Kongebøkene og Ezekielboka som den nordlege grensa til territoriet til kong Salomo.[4] Labweh tyder på assyrisk «hjarte» eller «senter», men det er òg føreslått at det kjem frå arabisk for «løve» eller «løvinne». Det er gjort fleire arkeologiske funn i landsbyen, som tre gamle grotter med romerske-bysantinske sarkofagar og ruinane av eit tempel. Det finst òg ruinar av ein bysantinsk bastion og ein romersk dam, som kan ha kome frå regjeringstida til dronning Zenobia. I følgje ei segn vart kanalane gravne ut i berget for å sende vatn til landområda hennar i Palmyra i Syria.[1]
Landsbyen ligg på ein ås 26 km nordaust for Baalbek, som har gjeve namn til Labwehkjeldene og elva Labweh, som er ei av kjeldene til Orontes.[2] Labwehelva renn kring 20 km gjennom ein steinete ørken, og fell så ned i ein innsjø og ei breiare elv til ein annan landsby kalla Er-Ras, som vert rekna som kjelda til Orontes. Denne flyt vidare nordaustover.[5][6]
Det ligg ruinar av eit romersk tempel i landsbyen, som er ein del av templa i Beqaadalen.[7] Berre ei blokk av den vestlege muren står att i dag. I moderne tid er det bygd eit hus inne i tempelet.[8] Det ligg kring 20 tempel mellom Labweh og Ain el-Baid.[9]