Layla | |||
by | |||
Aflaj sjukehus
| |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 22°17′N 46°44′E / 22.283°N 46.733°E | ||
Layla i Saudi-Arabia 22°17′00″N 46°44′00″E / 22.2833°N 46.7333°E | |||
Kart som viser Layla i Saudi-Arabia.
|
Layla (arabisk لیلى) er ein by sentralt i Saudi-Arabia. Han er hovudbyen i Al-Aflaj-oasen i Riyadh-regionen, kring 330 km sør for hovudstaden, Riyadh. Ein trur at byen er kalla opp etter Layla av Bani 'Amir, ei kvinne frå 600-talet frå den lokale stamma Bani 'Amir, som vart udøydeleggjort i diktet av kjærasten Qays ibn Al-Mulawwah. Romansen mellom Qays og Layla er kanskje den mest kjende i arabisk litteratur, og vart omtalt av den persiske diktaren Nizami i Layla wal Majnun («Layla og galningen»). Fleire stammer har styrt byen over to tusen år, mellom anna Kaab ibn 'Amir, så 'Uqayl ibn 'Amir. Folketalet i byen og dei omliggande landsbyane og grendene er nesten 76 000, hovudsakleg beduinar frå Dawasir-stamma. Layla ligg ved sidan av ein innsjø med same namn.