Louis Brassin

Louis Brassin

Statsborgarskap Belgia
Fødd 24. juni 1836
Aachen
Død

5. mai 1884 (47 år)
St. Petersburg

Yrke komponist, pianist, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar

Louis Brassin (24. juni 184017. mai 1884) var ein belgisk pianist, komponist og musikkpedagog.

Brassin gav sine første konsertar i Hamburg i ein alder av seks år. Eit år seinare fekk faren engasjement i Leipzig, og der gjekk Brassin på konservatoriet som elev av Ignaz Moscheles. Han held ein minneverdig konsert i Stade 1848 da han som åtteåring spelte saman med sin femårige bror Leopold, som han sjølv hadde lært opp som pianist. I 1857 reiste han på ein konsertturné i Belgia og brukte da for første gong kunstnarnamnet Brassin. Frå 1866 underviste han ved Det sternske konservatoriet i Berlin. I 1869 blei han utnemnd tilprovessor i klaver ved konservatoriet i Brussel og i dei ti åra han budde der spelte han ei viktig rolle i det belgiske musikklivet. I 1878 følgde han etter Teodor Leszetycki ved konservatoriet i St. Petersburg.

Brassin omarbeidde ei mengd verk av Richard Wagner for klaver og skreiv fleire små, i dag stort sett gløymde, klaverstykke. Til elevane hans høyrer Edgar Tinel, Vassilij Sapelnikov og Vasilij Safonov.

Brørne, pianisten Leopold Brassin (1843–1890) og fiolinisten Gerhard Brassin (1844–1885) reiste på fleire konsertreiser saman. Dei underviste ved Stern-konservatoriet i Berlin og i Bern. Begge etterlet seg stort sett komposisjonar for deira eige instrument.

  • 2 klaverkonsertar
  • Dei tyske operettane Der Thronfolger og Der Missionär
Klaververk
  • Première grande Polonaise pour Piano.
  • Deuxième grande Polonaise pour Piano.
  • Troisème grande Polonaise pour Piano.
  • Feuillet d'album (Albumblatt) pour le Piano.
  • Étude de concert (Ut majeur) pour le Piano.
  • Impressions d'Automne (Herbst-Eindrücke.) Trois études pour le Piano.
  • Menuet, Gavotte et Gigue pour le Piano.
  • Polka de la Princesse pour le Piano.
  • Sérénade.
  • Rêverie pastorale pour le Piano.
  • Rêverie pour le Piano.
  • Second Galop fantastique de Concert.
  • Les Adieux, morceau caractéristique pour Piano.
  • Grandes Études de Concert pour le Piano. Op. 12 [Nr. 1–6].
  • Mazurka de Salon pour Piano. Op. 14.
  • Au clair de la lune, Nocturne pour piano. Op. 17
  • Deuxième grand polonaise. Op. 18
Omarbeidingar
  • 3 Morceaux pour le Piano d'après D. Scarlatti.
  • Aus R. Wagners Der Ring des Nibelungen. No. 1. Walhall, No. 2 Siegmund's Liebesgesang, 3. Feuerzauber, No. No. 4. Der Ritt der Walküren, No. 5. Waldweben für das Pianoforte frei übertragen von L. Brassin.
  • Toccata d-Moll, BWV 565 für Orgel von Joh. Seb. Bach für Pianoforte zum Concertvortrag bearbeitet von Louis Brassin. (det er tvilsamt om BWV 565 er av Bach)
  • Choeur des soldats de l'opéra Faust de Gounod, Transcription de concert pour piano Op. 27.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]