«Luktelk» Song av Silvester Belt | ||
Land | Litauen | |
Språk | Litauisk | |
Utgjeve | 11. januar 2024 | |
Sjanger | Pop, elektronisk[1] | |
Lengd | 02:41 | |
Selskap | OpenPlay | |
Komponist | Jessica Shy, Silvester Belt | |
Tekstforfattar | Jessica Shy, Silvester Belt | |
Låtskrivar(ar) | Džesika Šyvokaitė, Elena Jurgaitytė, Silvestras Beltė[2] |
---|
«Luktelk» (norsk omsetjing ‘vent’) er ein song med den litauiske artisten Silvester Belt[3]. Songen blei gjeven ut 11. januar 2024, men blei fyrste gong framført 13. januar 2024 under songtevlinga Eurovizija.LT. Songen vann tevlinga og var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.[4]
«Luktelk» er ein litauiskspråkleg elektropoplåt som er skriven av {Silvester Belt, saman med Džesika Šyvokaitė og Elena Jurgaitytė, og produsert av Karolis Labanauskas og Linas Strockis.[5] I eit intervju snakka Beltė om korleis låten blei til: «vi sette oss ned for å skrive, og ideen kom opp om at det ville vore interessant å prøve oss på Eurovision-scena, så vi bestemte oss for å skrive ein song berre for dette eventyret».[6]
«Luktelk» har blitt skildra som en poplåt med element av elektronisk musikk og er inspirert av dei tidlegare litauiske Eurovision-bidraga «Sentimentai» og «Stay», som har tekst på litauisk.[6][7] Beltė avslørte at teksten var skriven med «hensikt at konsonantane skulle likne andre ord på andre språk», slik at songen var «enklare og meir forståeleg for utlendingar».[8]
I desember 2023 kunngjorde den litauiske ålmennkringkastaren Lietuvos nacionalinis radijas ir televizija (LRT) at «Luktelk» var blant bidraga i songtevlinga Eurovizija.LT 2024.[9] Vinnaren av Eurovizija.LT 2024 fekk representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
«Luktelk» deltok i den fyrste delfinalen 13. januar 2024 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 17. februar 2024.[10] I finalen gjekk songen vidare til superfinalen og vann til slutt heile tevlinga, etter å ha fått flest sjåarrøyster.[11] Gjennom sigeren blei «Luktelk» det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.[12]
Litauen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei «Luktelk» nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[13][14][15] I finalen kom låten på 14. plass med 90 poeng.[16][17]
Liste (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas Internasjonal (IFPI)[18] | 32 |
Latvia (LAIPA)[19] | 10 |
Litauen (AGATA)[20] | 1 |
Sverige (Sverigetopplistan)[21] | 83 |
UK Indie Breakers (OCC)[22] | 20 |